Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKaldestad, Nina Mari
dc.date.accessioned2013-05-07T09:03:05Z
dc.date.available2013-05-07T09:03:05Z
dc.date.issued2013-05-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151139
dc.description.abstractTittel: Stomi – å meistra ein ny levemåte. Bakgrunn for val av tema: 8-10.000 av den norske befolkninga har stomi. Litteratur belyse, og eg har sjølv sett i praksis, at mange pasientar har problem med å tilpasse seg den nye kvardagen med stomi. Problemstilling: Kva erfaringar og opplevingar har pasientar som er operert for stomi, og korleis kan sjukepleiar bidra til meistring hos desse pasientane? Oppgåvas hensikt: Oppgåva ønskjer å belysa kva behov og erfaringar pasientar som er operert med stomi har, og korleis sjukepleiar kan møta desse pasientane, særleg for å bidra til meistring av ein ny kvardag. Metode: Oppgåva er eit litteraturstudie. Det er blitt gjennomført søk ved CINHAL, SveMed+ og Ovid Nursing med hovudvekt på søkeorda stoma, coping og impact of care. Dei fem aktuelle forskingsartiklane som er med i denne studien, er alle henta frå CINAHL. Alle forskingsartiklane er frå etter 2004. Resultat: Studiane viser at det er mange vanskelege følelsar og opplevingar knytt til det å få ein stomi. Frykt, angst og bekymring er sentrale følelsar, samt opplevinga av eit endra kroppsbilete. Frykta for lekkasje er stor. Stomien går ut over både det sosiale og arbeidslivet. Kvardagen blir prega av planlegging og tilretteligging. Fleire stomipasientar ytrar eit ønske om meir støtte og informasjon. Sjukepleiar må vere bevisst på kva oppleving pasienten har i situasjonen, og at alle pasientar opplev situasjonen ulikt. Oppsummering: Stomipasientar vil ha forskjellige opplevingar av sin situasjon, det er derfor viktig at sjukepleiar blir kjend med personen bak stomien og kartlegg kva opplevingar og følelsar han har. Pasienten må ha dekka praktiske og psykiske behov for å kunna meistra sin nye kvardag. Desse pasientane treng god oppfølging, støtte og informasjon, og sjukepleiar treng den nødvendige kunnskapen og opplæringa for å hjelpa desse pasientane. Nøkkelord: Stomi, Opplevingar, Sjukepleie, Meistring.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectSykepleieno_NO
dc.subjectHaugesundno_NO
dc.titleStomi: Å meistra ein ny levemåteno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel