Sjå meg, tål min smerte: Korleis kan sjukepleiar gjennom kommunikasjon hjelpe etterlatte i sorg etter sjølvmord?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/151129Utgivelsesdato
2011-03-17Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I Noreg tek over 500 mennesker livet sitt kvart år, og fleire tusen etterlatte sit igjen.
Sjølvmord skjer etter eigne vilje og er derfor tyngre og takle enn anna brå død. Det som ligg
bak ei slik hending fører med seg ei komplisert sorg med mange forløp. Manglande rutinar,
usikkerheit og lite kunnskap om etterlatne sine behov er eit hinder for oppfølging av
etterlatne. I denne oppgåva ynskjer eg å kaste meir lys over sjølvmordsproblem, med
hovudfokus på dei etterlatne. Korleis eg kan gi hjelp og forstå situasjonen til dei etterlatne,
sett ut i frå sjukepleiefagleg perspektiv.
Eg har teke for meg eit litteraturstudie som var eit krav til denne oppgåva. Forskningsartiklane
eg har brukt tek for seg dei etterlatne etter sjølvmord og korleis dei opplever at støtteapparata
tek hand om dei og korleis dei føler resten av samfunnet ser på dei. Også kor viktig hjelpa i
den akutte fasen er.
Eg drøfter problemstillinga mi : ”Korleis sjukepleiar gjennom kommunikasjon kan hjelpe dei
etterlatne i sorga etter sjølvmord?”, der eg fokuserer på kommunikasjon og relasjon mellom
sjukepleiar og pasient. På denne måten vert sjukepleiar kjent med etterlatne sine behov, og
utfører tiltak ut i frå dei. Ved å drøfte dette ser eg at det er viktig at sjukepleiar skapar ein
relasjon til dei etterlatne, fremmar håp og er open om hendinga. Tilbod om hjelp må komme
tidleg etter hendinga, og gjennom studia ser eg at behovet for hjelp blant dei etterlatne er stort.
Det er viktig at den som hjelpar har kunnskap, er lyttande og viser empati.