Korleis kan sjukepleiarar kommunisere for å bidra til tryggleik og tillit hjå foreldre med kreftsjuke born?
Abstract
Sjølv om det i det store og heile er få born i Noreg som kvart år vert råka av kreft, er denne gruppa menneske ei stor utfordring innanfor sjukepleieyrket. Foreldra og heile familien kjenner ofte på situasjonen som urettferdig og svært vanskeleg, då bornet ofte er ungt og har heile livet føre seg. Fortvilinga til foreldra er stor, og dei skulle gjerne ha bytt plass med bornet sitt. Det er på bakgrunn av dette eg har valt å skrive om kommunikasjon til foreldre, der fokuset ligg på tryggleik og tillitsskaping til foreldra. Å ha gode relasjonar til foreldra styrkjer dei i kampen mot kreften, og dei kjenner seg trygge på at bornet får den rette behandlinga og at det vert tatt godt vare på. Eit litteraturstudie vart brukt som datainnsamlingsmetode, der eg fann artiklar som belyser problemstillinga mi. Desse har eg drøfta saman med bakgrunnslitteratur funne i bøker. Funna i studia tyder på at foreldra opplev det som tryggleik når sjukepleiarar har tid til gode samtalar, der ein ikkje berre fokuserer på det triste og vanskelege. Å skape gode relasjonar gjennom å verte kjend med personane involvert i samhandlinga vart sett på som viktig. Det vart også løfta fram at sjukepleiarar og legar måtte ha evna til å kunne avgrense informasjon til kvar foreldra var i prosessen med å forstå bornet sin sjukdom.