Kva kan bidra til betre smertelindring av sjukeheimspasientar med demens?
Abstract
I dag lev det om lag 66 000 pasientar med demens i Noreg. Rundt 75 % av bebuarane på norske sjukeheimar har ei eller anna form for demens, og svært mange av desse pasientane har smerter. Likevel er ikkje sjukepleiarar og helsepersonell gode nok til og kartleggje og behandle desse smertene. Føremålet med denne oppgåva er ved hjelp av teori og forsking, å undersøke kva som er viktig i samspelet med smertepåverka jukeheimspasientar med demens.
s
Sjukepleiaren har ei nøkkelrolle i denne samanhengen, og funna i litteraturen framhevar bruk av kartleggingsverkty, sjølvrapportering, observasjon av åtferd, samarbeid med pårørande og kompetanseutvikling blant personalet som viktig i samspelet med denne pasientgruppa.