Korleis kan sjukepleiaren bidra til å fremme håpet hos pasientar med nyoppdaga kreft?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/151063Utgivelsesdato
2011-04-18Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Som ein ser rammar kreft stadig fleire mennesker, ein vil då som sjukepleiar før eller seinare møte denne pasientgruppa i ulike samanhengar. Å få ein kreftdiagnose vil etter mi meining vera ein trussel mot livsmotet og håpet, som vil vera ein føresetnad for det å kunna meistra sjukdommen. Sjukepleiaren kan møte på vanskelige situasjonar når det gjeld følelsesmessige tema som død, frykt og angst, og det kan vera vanskelig å vite kva ein skal snakke med ein kreftpasient om.
Hensikt: Å finne fram til kva sjukepleiaren kan gjere for å styrka håpet til pasientar med nydiagnostisert kreft. Problemstillinga er formulert slik: Korleis kan sjukepleiaren bidra til å fremma håpet hos pasientar med nyoppdaga kreft?
Metode: Systematisk litteraturstudie der ein samlar inn data via eksisterande litteratur og forskingsartiklar. Artiklane fant eg gjennom søkemotorane CINAHL, Ovid, PubMED, Ebscohost, Medline, ProQuest og SweMed+. Søkeorda eg har brukt er cancer, hope, patient, nursing, critical phase, newly diagnosed.
Funn: Sjukepleiaren kan fremma håpet med sin tilstadeværelse, måten ein opptrer på og spesifikke intervensjonsprogram for pasientar med nyoppdaga kreft. Utifrå litteraturen ser ein at det som fremmar graden av håp hos pasientane er at sjukepleiaren er imøtekommande, aktiv, sympatiske, hyggeleg, har humor, er positiv, tar seg tid til pasienten, måten dei snakka på og gjev støtte, og evna til å lytta. Gode sjukepleiarar var og dei som brydde seg, og formidla informasjonen på ein omsorgsfull måte. Dei møtte pasienten som medmenneske i staden for bare pasientar.