Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaldorsen, Maiken
dc.date.accessioned2011-03-16T13:26:06Z
dc.date.available2011-03-16T13:26:06Z
dc.date.issued2011-03-16
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151051
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om pasientar med lungecancer i palliativ fase. Grunnen til at eg valte å skriva om dette, er at eg møtte ein pasient med lungecancer i palliativ fase då eg var i sjukeheimspraksis, og det gjorde stort inntrykk på meg. Denne pasientgruppa legg livet sitt i helsepersonell sine hender og har ikkje lenger kontroll over eige liv. Samstundes har pasientar med lungekreft mange og samansette helseplager, som til dømes dyspnè som igjen kan føre til angst. Eg erfarte at sjukepleiarane ofte var usikre på korleis dei skulle behandle og tilnærme seg pasienten. Tryggleik vil vera eit sentralt mål ved sjukepleie til pasientar med lungekreft i palliativ fase. Denne oppgåva er ein litteraturstudie der eg ved hjelp av forskingsartiklar har prøvd å finne ny kunnskap om problemstillinga mi. For å kome fram til korleis sjukepleie kan bidra til tryggleik, har omgrepa kommunikasjon, menneske-til-menneske forhold og pårørande vore sentrale. For at sjukepleia skal kunne bidra til tryggleik er det viktig å opprette ein god relasjon og at begge partar føler dei har noko å bidra med. Sjukepleiarar må lytte og samarbeide med pasientane og pårørande, det er dei som veit korleis dei har det, og korleis dei vil ha det. Å gje informasjon og svare på spørsmål kring sjukdommen er noko som vert høgt verdsett av pasientar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectSykepleieen_US
dc.titleLungekreften_US
dc.typeBachelor thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel