dc.description.abstract | Denne oppgåva handlar om pasientar med lungecancer i palliativ fase. Grunnen til at eg valte
å skriva om dette, er at eg møtte ein pasient med lungecancer i palliativ fase då eg var i
sjukeheimspraksis, og det gjorde stort inntrykk på meg. Denne pasientgruppa legg livet sitt i
helsepersonell sine hender og har ikkje lenger kontroll over eige liv. Samstundes har pasientar
med lungekreft mange og samansette helseplager, som til dømes dyspnè som igjen kan føre til
angst. Eg erfarte at sjukepleiarane ofte var usikre på korleis dei skulle behandle og tilnærme
seg pasienten. Tryggleik vil vera eit sentralt mål ved sjukepleie til pasientar med lungekreft i
palliativ fase. Denne oppgåva er ein litteraturstudie der eg ved hjelp av forskingsartiklar har
prøvd å finne ny kunnskap om problemstillinga mi. For å kome fram til korleis sjukepleie kan
bidra til tryggleik, har omgrepa kommunikasjon, menneske-til-menneske forhold og
pårørande vore sentrale. For at sjukepleia skal kunne bidra til tryggleik er det viktig å opprette
ein god relasjon og at begge partar føler dei har noko å bidra med. Sjukepleiarar må lytte og
samarbeide med pasientane og pårørande, det er dei som veit korleis dei har det, og korleis dei
vil ha det. Å gje informasjon og svare på spørsmål kring sjukdommen er noko som vert høgt
verdsett av pasientar. | en_US |