dc.description.abstract | Stomi- ei påverking som forandrar livet
I praksis på kirurgisk avdeling møtte eg ein pasient som hadde fått livet totalt forandra pga
stomi. Hans opplevingar og meddeling om sin situasjon, påverka meg i den grad at eg ynskja
å få meir kunnskap rundt det å ha stomi. Eg valde derfor å ta utgangspunkt i denne
problemstillinga: Kva oppleving og erfaring har pasientar med stomi, og korleis kan
sjukepleiar hjelpe denne pasientgruppa å tilpasse seg og meistre kvardagen? Hensikta med
oppgåva er som sjukepleiar å få kunnskap om korleis pasientar opplever det å ha stomi. Slik at
eg som sjukepleiar har ein betre beredskap til korleis eg kan hjelpa dei. Metoden som er nytta
i denne oppgåva er litteraturstudie. Det blei funne fire artiklar som alle hadde som
utgangspunkt å studera pasientane sine opplevingar og erfaringar med stomi. Eg har nytta
Joyce Travelbee sin sjukepleieteori for å belysa problemstillinga. Eg fant at stomipasientar på
mange måtar lid. Kroppsforandringane pga stomien fører til djupe inntrykk. Pasientane får eit
endra kroppsbilete og sjølvtillitt, noko som bremsar han i sosiale settingar og sitt samliv.
Sjukepleiaren si oppgåve vert gjennom eit menneske-til-menneskeforhold, hjelpa han og vera
tilstades. I tillegg til at ho kan koma med forslag til korleis stomipasienten kan tilpasse dagen
sin. | en_US |