Vil livet bli det same etter ulykka?
Abstract
Bakgrunn og hensikt: ”Korleis kan sjukepleie bidra til at pasienten meistrar opplevinga av
akutt kritisk traume?” Denne problemstillinga gjev muligheita til å finne kva sjukepleiarar kan
gjere for å gje pasienten betre føresetnad til å meistre denne plutselige situasjonen han er
komen opp i. Det vert fokusert på kva kommunikativ hjelp som kan gjevast for å forhindre
psykologiske seinvanskar.
Metode: Det er brukt ein systematisk litteraturstudie, som resulterte i funn av fire relevante
artiklar.
Resultat: Ein artikkel har fokus på det positive, som endra personleg livsperspektiv ved å
gjennomgå ei traumatisk hending. Samanhengen mellom Posttraumatisk stress disorder
(PTSD), depresjon og angst i forhold til livskvalitet vert belyst i ein artikkel. Effekten av
psykologisk behandling av PTSD og tidlege symptom for å utvikle PTSD kjem fram i dei to
resterande artiklane.
Konklusjon: Det er vesentlig å byggje eit godt forhold mellom sjukepleiar og pasient og å
kommunisere om hendinga slik at pasienten får muligheit til å lette på trykket. Dette gjev
samstundes sjukepleiar eit bilete av korleis han meistrar situasjonen. Å bidra til motivasjon og
håp, og planlegge rehabiliteringsmål saman med pasienten er gunstig i fleire tilfelle der
pasientar sjølv ikkje ser ein utveg. Identifikasjon av, og informasjon om symptom på PTSD i
tidleg fase er viktig for å redusere psykologiske seinvanskar og motivere pasienten til å
kontakte helsevesen ved behov.
Summary