Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorPaulsen, Silje Solli
dc.date.accessioned2012-04-13T06:54:16Z
dc.date.available2012-04-13T06:54:16Z
dc.date.issued2012-04-13
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/151037
dc.description.abstractTittel: Saman i rørsle – korleis motivere pasientar med dobbeldiagnose til fysisk aktivitet. I psykiatripraksis opplevde eg at fleire av dobbeldiagnosepasientane var deprimerte, isolerte og inaktive. Eg val difor denne problemstillinga: Korleis kan ein sjukepleiar motivere pasientar med dobbeldiagnose til å benytte seg av fysisk aktivitet i behandlinga på ein institusjon og kva kan vere utfordringane i forhold til dette? Hensikta med oppgåva var å finne ut korleis ein sjukepleiar kan motivere pasientar med dobbeldiagnose til å vere fysisk aktive til tross for utfordringane. Metode: Litteraturstudie. Sju artiklar vart inkludert i oppgåva. Resultat: Det var kjønnsforskjellar på treningsform og grunnar til å trene noko som gjer det viktig å skreddarsy eit treningsprogram som passer kvar enkelt. Å gå var den mest populære aktiviteten (Abrantes et.al, 2011). Aktivitetsprogram på ein halvtime gjorde pasientane mindre urolege og reduserte bruken av eventuell medisin (Thomas, Johns, Trauer, 2006). Viktig med indre motivasjon, ein eigendefinert grunn til å vere fysisk aktiv og klargjere kva som er barrierane til fysisk aktivitet (Sørensen, 2006), (Neale, Nettleton, Pickering, 2011). Fleire forskarar understreka samanhengen mellom haldningane sjukepleiarane har både til fysisk aktivitet og til pasientane, eigne treningsvanar og korleis dei motiverer andre, kunnskapar både om dobbeldiagnose og fysisk aktivitet og kva støtte dei får frå institusjonen dei jobbar (Coombes & Wratten, 2007), (Esposito & Fitzpatrick, 2011), (Faulkner & Biddle, 2002). Samandrag: Man kan lettare motivere personar med dobbeldiagnose ved å ha individet og hans/hennar ønskjer i sentrum, støtte frå leiinga på institusjonen og gi sjukepleiarane betre kompetanse og haldningar både til dobbeldiagnose og fysisk aktivitet.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectSykepleieno_NO
dc.subjectStord
dc.titleSaman i rørsle: Korleis motivere pasientar med dobbeldiagnose til fysisk aktivitet?no_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel