Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjørke, Gerd
dc.date.accessioned2013-03-04T12:07:13Z
dc.date.available2013-03-04T12:07:13Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150754
dc.description.abstractDenne rapporten gir ei framstilling av dei praksisutviklingsprosjekta som har vorte gjennomførde i 2011-2012, som samarbeidstiltak mellom Høgskolen Stord/Haugesund og praksisstader som er knytt til sjukepleierutdanninga ved høgskolen. Prosjektarbeidet har vore knytt saman gjennom fellesseminar to-tre gonger pr. semester, leia av dosent Gerd Bjørke og professor Anna Løfmark. Innleiingsvis blir det gitt ein oversikt over intensjonar og organisering av arbeidet med praksisutvikling ved avdelinga. Deretter følgjer ei framstilling av kvart av prosjekta. Eksempla på praksisutvikling vi møter her viser stor breidde. Høgskolelærarar og praksisansvarlege yrkesutøvarar har saman utvikla opplegg der det blir sett lys på: utskrivingsproblematikk – overgangar frå institusjon til kommunehelseteneste eller heim, tverrprofesjonell samarbeidslæring – der studentar frå ulike profesjonsutdanningar får fellesoppgåver i si praksislæring, miljøterapi og brukarmedverknad i psykisk helsevern, bruk av individuell plan innan kreftomsorg, kunnskapsbaserte praksisstudiar i sjukehus, tospann som veiledningsmodell i sjukeheim og førsteårs praksis i sjukeheim. Dette er sentrale område i dagens helse- og sosialtenester. Prosjektleiinga for kvart prosjekt har vore sett saman av representantar både frå høgskolen og frå ein eller fleire praksisstader. Det er ei fellesoppgåve å bidra til studentars læring. Difor er det også studentars læring som er fokus praksisutviklingsprosjekta. Samarbeidsprosjekta byggjer bruer mellom teori og praksis, og det understrekar at den praksis som studentane deltek i gjennom sine praksisstudiar, er ein viktig del av utdanningsopplegget.no_NO
dc.language.isonobno_NO
dc.relation.ispartofseriesHSH-rapport;2013/4
dc.titlePraksisutvikling 2011-2012: Samarbeid mellom høgskole og praksisfelt for utvikling av praksisstudier i sykepleierutdanningno_NO
dc.typeOthersno_NO
dc.source.pagenumber170no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel