Omlegginga av leiarstrukturen i bergenskulane hausten 2010 : Når vi no skal leie
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150576Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Byrådssak 412/09 «Skoleledelse for fremtiden i Bergen» omtalar omlegginga av leiarstrukturen i grunnskulane i Bergen, og ny leiarstruktur vart vedteken i bystyre-sak 09/2010 25.1.2010., og innført hausten 2010. Formålet til denne studien er å studere kva måla med omlegginga var og er, og korleis informantar opplever endringa, om å involvere alle aktørar spelar inn i forhold til korleis tilstanden er i skulane, to år etter innføringa av avdelingsleiarmodellen. Studien stiller spørjeteikn ved om endringa av leiarmodellen fungerer etter intensjonen, og innehar empiri henta frå informantar frå tre nivå i skulen, samt frå kommuneleiinga.
Funna viser at det er ei generell einigheit, med nokre unntak, om at intensjonen med omlegginga var/er god, men at han ofte ikkje fungerer slik som ein ønska. Rektorane er som «vinnarar» å rekne, av di det kjem fram at dei har fått avlastning i mange av oppgåvene dei før stod åleine om. På den negative sida ser vi at rektorane opplevast som sjeldan aktivt til stades i skulemiljøet. Avdelingsleiarane utøver ikkje den grad av pedagogisk leiing som lærarane forventa og håpa på. Dei har mange roller å fylle, og rekk ikkje å ha så stort fokus på fagleg og pedagogisk oppfølging av personalet som både kommuneleiinga og avdelingsleiarane sjølv ønskjer. Viktige faktorar for vellukka endring viser seg å vere nær knytt til fokus på involvering av alle aktørane som er brikker i puslespelet; det er behov for eit heilskapleg syn på endringsleiing.