Rektor sitt møte med den nyutdanna læraren : ein studie av korleis rektorar kan støtte nyutdanna lærarar si profesjonsutvikling
Abstract
I denne studien blir søkelyset retta mot korleis nyutdanna lærarar opplever den første tida i læraryrket og korleis rektor legg til rette for at dei nyutdanna skal lukkast i profesjonsutviklinga si. Målet med studien er å søke ei djupare forståing for korleis rektorar møter nyutdanna lærarar sine behov og legg til rette for læring og meistring i yrkesutøvinga. Undersøkinga er gjennomført som ein kvalitativ studie der lærarar og rektorar ved ungdomsskular er intervjua om korleis dei opplever den nyutdanna læraren sitt møte med yrket.
I studien kjem desse basale vilkåra for nyutdanna si profesjonsutvikling fram:
- Tillitsfulle relasjonar mellom lærar og elevane
- Handtering av mangfaldet i elevgruppa
- Leiing av læringsarbeidet i klassane
- Samsvar mellom undervisningsoppgåver og fagleg kompetanse
- Tett samhandling og ansvars- og oppgåvedeling mellom kollegaer
- Refleksjon over erfaringar og oppgåver
- Rom for prøving og feiling
Ut frå dette viser analysane i studien at rektorar i særleg grad kan bidra til nyutdanna si profesjonsutvikling gjennom styring og, involvering, fagleg leiing og støtte til å utfordre grenser. Om rektor ser og nyttar desse verkemidla i samanheng, vil han ha eit vesentleg handlingsrom for å kunne støtte profesjonsutvikling ved å:
- Støtte utvikling av dialog- og refleksjonskompetanse
- Støtte læring i møte med elevane
- Støtte læring i møte med kollegaene
- Leie utvikling av fellesskapskultur
iv
Studien konkluderer med at systemiske samanhengar mellom desse fire dimensjonane er grunnleggjande for korleis rektor kan støtte nyutdanna si profesjonsutvikling.