Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNilsen, Norunn Kjøsnes
dc.date.accessioned2011-07-19T09:40:49Z
dc.date.available2011-07-19T09:40:49Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150566
dc.descriptionApril 2011en_US
dc.description.abstractMålet for denne kvalitative studien er å rette søkjelyset mot kva som er viktig å legge vekt på i grunnutdanninga for allmennlærarar. I studien er lærarutdannarar og rektorar som rekrutterer nyutdanna lærarar, intervjua om deira forståing av kva som er vesentleg kvalifiseringsgrunnlag for å starte utøvinga av læraryrket. Studien viser at lærarutdannarar og rektorar har dels samanfallande og dels ulik forståing for kva som er vesentleg å legge vekt på i allmennlærarutdanninga. Både lærarutdannarar og rektorar er samde om at fagleg kompetanse er eit viktig utgangspunkt, men rektorar framhevar at fagleg kompetanse åleine ikkje er ein tilstrekkeleg indikator for å lykkast i klasserommet. Dei understrekar relasjonell og sosial kompetanse som avgjerande faktorar for å meistre klasseromsituasjonen og skape gode læringsmiljø. Sett frå rektorane sin synsstad legg lærarutdanninga for lite vekt på å utvikle kompetanse i klasseromleiing. Funna i denne studien indikerer at spenning mellom akademiske og profesjonsretta perspektiv pregar lærarutdanninga. Lærarutdannarar med bakgrunn i fagdisiplinar synes å ha ein større tendens til å overlate fagdidaktikk til pedagogikkfaget enn lærarutdannarar som har pedagogisk utdanning eller praksis frå grunnskule. Studien indikerer behov for eit tettare samarbeid mellom lærarutdanning og øvingsskular for å auke lærarstudentane si forståing av læring, kunnskapsformidling og målretta variasjon i arbeidsmetodar. Lærarutdanninga står over for ei utfordring når det gjeld å skape ei heilskapleg og profesjonsretta yrkesutdanning. Det synest å vere behov for at lærarutdanninga i sterkare grad utviklar tverrfaglege møtearenaer for meinings- og erfaringsutveksling mellom lærarutdannarane, slik at kunnskapsutviklande dialog og refleksjon kan gje grunnlag for ei meir profesjonsretta yrkeskvalifiseringen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectlærerkompetanseen_US
dc.subjectkunnskap og læringen_US
dc.subjectprofesjonskunnskapen_US
dc.subjectlærerutdanningen_US
dc.titleMed allmennlærarutdanning som startplanke : ein studie av forholdet mellom lærarutdanninga si yrkeskvalifisering og grunnskulerektorar si forventning til nyutdanna lærararen_US
dc.title.alternativeStarting off with a general teacher education : a study of the relationship between the education of teachers and the headmaster’s expectation towards newly educated teachersen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280en_US
dc.source.pagenumber106 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel