dc.contributor.author | Nilsen, Norunn Kjøsnes | |
dc.date.accessioned | 2011-07-19T09:40:49Z | |
dc.date.available | 2011-07-19T09:40:49Z | |
dc.date.issued | 2011 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/150566 | |
dc.description | April 2011 | en_US |
dc.description.abstract | Målet for denne kvalitative studien er å rette søkjelyset mot kva som er viktig å legge
vekt på i grunnutdanninga for allmennlærarar. I studien er lærarutdannarar og rektorar
som rekrutterer nyutdanna lærarar, intervjua om deira forståing av kva som er
vesentleg kvalifiseringsgrunnlag for å starte utøvinga av læraryrket.
Studien viser at lærarutdannarar og rektorar har dels samanfallande og dels ulik
forståing for kva som er vesentleg å legge vekt på i allmennlærarutdanninga. Både
lærarutdannarar og rektorar er samde om at fagleg kompetanse er eit viktig
utgangspunkt, men rektorar framhevar at fagleg kompetanse åleine ikkje er ein
tilstrekkeleg indikator for å lykkast i klasserommet. Dei understrekar relasjonell og
sosial kompetanse som avgjerande faktorar for å meistre klasseromsituasjonen og
skape gode læringsmiljø. Sett frå rektorane sin synsstad legg lærarutdanninga for lite
vekt på å utvikle kompetanse i klasseromleiing.
Funna i denne studien indikerer at spenning mellom akademiske og profesjonsretta
perspektiv pregar lærarutdanninga. Lærarutdannarar med bakgrunn i fagdisiplinar
synes å ha ein større tendens til å overlate fagdidaktikk til pedagogikkfaget enn
lærarutdannarar som har pedagogisk utdanning eller praksis frå grunnskule.
Studien indikerer behov for eit tettare samarbeid mellom lærarutdanning og
øvingsskular for å auke lærarstudentane si forståing av læring, kunnskapsformidling
og målretta variasjon i arbeidsmetodar. Lærarutdanninga står over for ei utfordring
når det gjeld å skape ei heilskapleg og profesjonsretta yrkesutdanning. Det synest å
vere behov for at lærarutdanninga i sterkare grad utviklar tverrfaglege møtearenaer for
meinings- og erfaringsutveksling mellom lærarutdannarane, slik at
kunnskapsutviklande dialog og refleksjon kan gje grunnlag for ei meir profesjonsretta
yrkeskvalifisering | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.subject | lærerkompetanse | en_US |
dc.subject | kunnskap og læring | en_US |
dc.subject | profesjonskunnskap | en_US |
dc.subject | lærerutdanning | en_US |
dc.title | Med allmennlærarutdanning som startplanke : ein studie av forholdet mellom lærarutdanninga si yrkeskvalifisering og grunnskulerektorar si forventning til nyutdanna lærarar | en_US |
dc.title.alternative | Starting off with a general teacher education : a study of the relationship between the education of teachers and the headmaster’s expectation towards newly educated teachers | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.subject.nsi | VDP::Social science: 200::Education: 280 | en_US |
dc.source.pagenumber | 106 s. | en_US |