Frå ord til handling - to høgskular si læring av kvalitetsreforma
Abstract
Frå ord til handling - to høgskular si læring av kvalitetsreforma
Studien har kartlagt korleis to ”små” høgskular gjekk fram for å tileigne seg forståing av
Stortingsmelding nr 27 (2000/01) Gjør din plikt – krev din rett (kvalitetsreforma), og om deira
forståing var i samsvar med departementet si forståing. Målsettinga for det var å lære meir om
høgskular sine læringsvilkår for å tileigne seg kunnskap og forståing om reforma. I tillegg har eg
kartlagt høgskulane sine eksterne nettverk, og kva opplevd nytteverdi dei hadde for høgskulane si
forståing av reforma i samband med deira implementering av reforma. Målsettinga med det var å
finne ut om det i samband med implementeringa av reforma var aktørar i universitets- og
høgskulesektoren som hadde karakter av å vere autoritative fortolkande sentra eller var felles
referansepunkt for dei andre aktørane i universitets- og høgskulesektoren. Prosjektet er gjennomført
som ein eksplorerande empirisk studie av høgskulane sin læringsprosess (på institusjonsnivå) i starten
av høgskulane si implementering av kvalitetsreforma. Funna i prosjektet tyder på at høgskulane på
institusjonsnivå hadde gode vilkår for å lære seg og forstå krava i reforma. Vidare tyder funna på at
det kunnskapsproduserande senteret i universitets- og høgskulesektoren (departementet) i stor grad
også var det autoritative fortolkande senteret for høgskulane i samband med implementeringa av
reforma.