Leiar - vil du leie? : om synet på leiing som fag og om ein trivst og opplever at ein lykkast i leiarrolla
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150554Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med studien er å få kunnskap om kva som kjenneteiknar dei leiarane som trivst og som opplever at dei lykkast i leiarrolla si. Eg er oppteken av leiarane sitt syn på leiing, og om dei er villege til å utøve brei og god leiing for å nå dei måla som er sette for einingane sine. Gjennom ein kvantitativ undersøkingsmetode, der 111 mellomleiarar i Statens vegvesen har svart på spørjeskjemaet, har eg funne mange interessante skilnader mellom dei ulike utdanningsgruppene i etaten. Utfordringa for mange leiarar er å fjerne seg frå sitt tidlegare fagfelt eller interesseområde, og dermed nytte meir av tida si til leiing. Det syner seg at mange av dei leiarane som er mest opptekne av sitt tidlegare utdannings- og arbeidsområde – dei typiske fagleiarane – trivst dårlegare og opplever ikkje at dei lykkast i leiarrolla si. Dei som derimot konsentrerer seg mindre om fag, og heller prioriterer og tar innover seg fleire av dei funksjonane som høyrer til leiarrolla, trivst betre og opplever meir at dei lykkast i leiarrolla si.