Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRøynesdal, Claus
dc.date.accessioned2009-01-26T13:13:14Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150544
dc.description.abstractKommunale føresetnader for at skular kan bli lærande organisasjonar. Ein studie av kommunale strukturar og pedagogiske prosessar. Rolla til kommunane som skuleeigar står både i ei brytningstid og i eit spenningsfelt. Frå primært å ha ansvar for skulebygg, materiell og tilsetting av personale, skal kommunane no stimulere skulane til eit høgre refleksjonsnivå. Hovudfokus er ikkje på dei pedagogiske prosessane, men på output; dei skulefaglege resultata. Kvaliteten vert målt på dei nasjonale prøvane. Det forventast eit meir mangfaldig initiativ enn gode budsjettrammer for grunnskulen. Spenninga står mellom statleg styring og auka behov for lokal utviklingskapasitet. Kommunelova av 1992 opna for større fridom til å finne fram til ein mest føremålstenleg kommunal organisasjonsmodell. Dei fleste kommunane har i dag ein New Public Management-inspirert organisasjonsmodell, med flat struktur og brukarane tettare i fokus. Gjennom St.meld. 31 ’Kvalitet i skolen’, legg staten opp til eit auka krav om kvalitetsoppnåing. Den kommunale utviklingskapasiteten må føre skulane til å bli lærande organisasjonar. Det er styringslogikken som skal komme i møte både auka sentral styring og auka lokalt handlingsrom. Lærande organisasjon er eit sett med oppskrifter på korleis organisasjonar kan utvikle og tilpasse seg dei gjeldande samfunnstilhøva. Bumerka til lærande organisasjonar er at dei har eit kontinuerleg fokus på omstilling og tilpassing. Slike organisasjonar er prega av kulturar med omstillings- og fornyingsevne. Norske skular kan delast i to dikotomiar; tradisjonelle skular og utviklingsorienterte skular, og kollektivt orienterte skular og individuelt orienterte skular. I denne oppgåva argumenterer eg for at kollektiv orientering er ein føresetnad for å bli ein utviklingsorientert skule. I denne studien finn eg tre viktige kommunale føresetnader for at ein skule skal bli ein lærande organisasjon: - Kommunale strukturar og rammer Storleik på kommunen står fram som ein viktigare føresetnad enn val av kommunale organisasjonsstrukturar. Det er kommunane med eit folketal over 10.000 innbyggjarar som har ein storleik som bidreg til å oppheve ulempene ved å vere småe. Storleik eller forpliktande interkommunalt samarbeid ser ut til å vere ein føresetnad for ei produktiv skuleeigarrolle. - Produktive rektorar Dei produktive rektorane har brei arbeidserfaring utanom skuleverket. Slik røynsle gir rektor ballast til å fungere som leiar i eit kommunalt spenningsfelt. Det er slike leiarar som tek rolla som pedagogisk prosessrettleiar, og som vågar å leie skulen i ein kollektiv og prosessorientert utviklingsretning. - Fleksibel bruk av arbeidstid Fleksibel bruk av arbeidstid er ein føresetnad for kollektivt orienterte utviklingsprosessar. Lokal arbeidstidsavtale kan vere eit symbol på at skulen har diskutert seg fram til ein kritisk og konstruktiv bruk av ein viktig ressurs på skulen; lærarane si arbeidstid. Ein må ha ny tid til nye prosessar.en
dc.format.extent443587 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoren
dc.subjectskoleutviklingen
dc.subjectkommunal forvaltningen
dc.subjectkollektiv orienteringen
dc.subjectkommunale organisasjonsmodelleren
dc.titleKommunale føresetnader for at skular kan bli lærande organisasjonar : ein studie av kommunale strukturar og pedagogiske prosessaren
dc.title.alternativeLocal prerequisites for schools to become learning organizations : a study of council structures and pedagogical processesen
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Political science and organizational theory: 240::Public and private administration: 242en
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel