Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSvalheim, Mona Kidøy
dc.date.accessioned2011-11-22T13:48:40Z
dc.date.available2011-11-22T13:48:40Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150521
dc.descriptionMastergrad i organisasjon og leiing MR 690, Oktober 2011no_NO
dc.description.abstractFøremål med studien er å setje søkjelyset på kva erfaringar tilsette i pleie- og omsorgssektoren med vidareutdanning har med motivasjon og læring både individuelt og kollegialt i eit arbeidsfellesskap. Eg har valt å sjå på sjukepleiarar med vidareutdanning og korleis dei erfarer å komme attende til jobb med ny kunnskap. Hovudfokuset mitt er tankar erfarne sjukepleiarane har med personleg meistring , det å dele kunnskap og kven som leiar kunnskapsutviklinga. Eg nytta ein kvalitativ metode med samtaleintervju av fem sjukepleiarar ved ulike arbeidsplassar. Datamaterialet har eg i hovudsak analysert etter teoriar frå Peter Senge , Nonaka og tidlegare forsking. Eg har her lagt vekt på to av Peter Senge sine fem disiplinar; personleg meistring og gruppelære, vidare nyttar eg Nonaka (i ”slik skapes kunnskap”) for å belyse omsorgsbegrep både individuelt og kollegialt, men mest i eit leiarperspektiv. Hovudfunna i studien tyder på at sjukepleiarane er motiverte og har ei drivkraft for både å utvikle seg sjølv og organisasjonen gjennom å vere pådrivarar for kunnskapsutvikling. Kunnskapsutveksling førekjem i hovudsak i det dagelge arbeidet ved ”pasientsenga”. Men at det oppstår nokre vanskar med å dele kunnskap med kollegane i det daglege arbeidet, då det manglar struktur og system på korleis ny kunnskap skal implementerast i organisasjonen. Sjukepleiarane oppleve eit stort ansvar for at medararbeidarane skal få utvikle seg med ny kunnskap slik at pasientar og pårørande får nyte godt av kunnskapsutviklinga. I tillegg kjenner informantane mine på at dei er åleine med å ha ansvaret for å utvikle organisasonen kunnskapsmessig. Eg oppfattar det slik at organisasjonen her ikkje ”ser” det heile potensialet den har av kunnskapsrike medarbeidarar og at det manglar noko grunnleggande faktorar for å legge til rette for at ny kunnskap vert skapt.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectkunnskapsutviklingno_NO
dc.subjectkunnskapno_NO
dc.subjectpleie- og omsorgssektorenno_NO
dc.subjectlæringno_NO
dc.subjectpersonlig mestringno_NO
dc.subjectomsorgno_NO
dc.titleKorleis erfarer vidareutdanna tilsette i pleie- og omsorgssektoren at deira kompetanse bidreg til kunnskapsutvikling på arbeidsplassen?no_NO
dc.title.alternativeHow do staff in the care and nursing sector with further education experience that their competence contribute to competence development at the workplace?no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.source.pagenumber116 s.no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel