Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrandos, Marta
dc.date.accessioned2011-01-28T12:05:23Z
dc.date.available2011-01-28T12:05:23Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150507
dc.description.abstractDette er ein komparativ casestudiet av samordning mellom kommune- og spesialisthelsetenesta når den eldre sjukeheimspasienten blir lagt inn på sjukehus. Seks sjukepleiarar frå to sjukeheimar og tre frå eitt sjukehus er intervjua og datamaterialet er analysert etter ei temasentrert tilnærming (Thagaard 2009). Funna viser at det i liten grad flyt informasjon med pasienten, og det vert i liten grad overført kunnskap om pasienten under sjukehusinnlegginga. Dette gjeld særleg informasjon om pasientens funksjonsnivå, sjølv om dette blir sett på som viktig og nødvendig. Informantane forklarar det med tidsmangel, manglande kontinuitet og kjennskap til pasienten, mangel på rutine og standard skjema, ufunksjonelle IT-løysingar, og individuelle faglege vurderingar. Overordna avtalar mellom tenestenivåa er på plass, men er ikkje kjent mellom dei som praktisk gjennomfører innlegging. Inntrykket er at sjukepleiarane som er intervjua ser ikkje seg sjølv som ein del av eit større system rundt pasienten. Det er funn som tyder på at status og makttilhøve påverkar samhandlinga mellom tenestenivåa, og ulike ideologiar verkar inn på kva som blir oppfatta som ”gyldig” kunnskap. Sjukepleiarane i dei to tenestenivåa står i ulike kontekstar og har ikkje den felles forståing og praksis for informasjonsflyt som ein skulle forvente ut frå felles utdanning.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectsamhandlingen_US
dc.subjectsamordningen_US
dc.subjectsykehjemen_US
dc.subjectinstitusjonalismeen_US
dc.subjectmedikratien_US
dc.titleLike, men ulike : ein studie av informasjonsflyt frå sjukeheim til sjukehusen_US
dc.title.alternativeSimilar, but different - a study of information flow between nursing home and hospitalen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber136 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel