Einingsleiaren : utvikling av organisasjons- og leiarfunksjonar i tre tonivåkommunar
Abstract
Studien har som mål å få kunnskap om kva utfordringar einingsleiarar opplever når kommunen endrar organisasjonsstruktur frå ein hierarkisk modell til ein tonivåmodell, og kva kompetanse einingsleiarane treng for å meistre endringar i organisasjons- og leiarfunksjonar. Dei har fått fullt ut delegert mynde i høve fag, personale og økonomi. Ein ynskjer og å finne faktorar som kan fremje ein lærande organisasjon. Det er nytta kvalitativ metode i form av intervjuing. Utvalet er åtte informantar som er einingsleiarar i pleie og omsorg i tre kommunar.
Funn i studien syner at einingsleiarane opplever dei har fått større handlingsrom og auka råderett over eige arbeid, og for eininga si verksemd. Alle er nøgd med ny organisering, og utifrå ulike føresetnader opplever dei stor grad av meistring i ny leiarrolle. Nye ferdigheiter og relevant kunnskap lærer dei i stor grad gjennom praksis saman med andre. Dette viser at leiarane i større grad kan påverke organisasjonen. For å lære gjennom praksisfellesskap er det viktig å ha kunnskap om kva rammefaktorar som kan fremje og kva som kan hindre læring og refleksjon. Å vere leiar og leie endringsprosessar i reformarbeid er ei stor utfordring. Leiarrolla er påverka av ulike krav og forventningar som vert stilt frå ulike aktørar.