Deltid blant kvinnelege sjukepleiarar : sjanse eller problem?
Abstract
Kva er grunnen til at mange av dei kvinnelege sjukepleiarane vel deltid Har dei noko val? Er valet om deltid teke ut frå eit personleg eller privat perspektiv? Studien har som formål å få kunnskap om kvinnelege sjukepleiarar og leiarar i kommunehelsetenesta sitt syn på deltidsarbeid. Det er nytta ein kvantitativ metode med spørjeskjema og ein kvalitativ metode i form av uformell intervjuing. Utvalet er basert på intervju med seks leiarar frå tre kommunar og spørjeskjema sendt til alle sjukepleiarane i disse kommunane. Datamateriale frå to metodar er analysert kvar for seg, funna er samanlikna og vurdert mot kvarandre. Funna i studien syner at sjukepleiarane ser på seg sjølv som berarar av den tradisjonelle kjønnsdelte kvinne rolla i arbeidslivet. Arbeidstid vert i hovudsak valt etter tradisjon og forventningar som føl kvinnerolla.