Kvifor er eg så annleis? Korleis førebyggje alvorleg overvekt hos barn i barneskulealder?
Abstract
Det er godt dokumentert at sunt kosthald og fysisk aktivitet har positiv effekt i
førebyggande arbeid mot overvekt blant barn og unge. Med utgangspunkt i at barnet har usunt
kosthald og livsstil, må det skje ei livsstilsendring for å førebyggje alvorleg overvekt. Skal ein
sjukepleiar klare å hjelpe barna til betre kost- og aktivitetsvaner, må ein finne dei individuelle
årsakene som ligg til grunn for overvekta, og gjennomføre ei kartlegging av barnet og foreldra sin
livsstil. Foreldra er sentrale for å oppnå endringar i livsstilen til barnet, med tanke på eit sunnare
kosthald og meir fysisk aktivitet. Ved å bruke motivasjonsmetoden «motiverande samtale» kan
sjukepleiaren få kjennskap til kva fase barnet er i, og jobbe ut i frå dette. Det viser seg at dei
viktigaste faktorane som kan hjelpe barnet til betre kost- og aktivitetsvanar er motivasjon, samt
relasjonane som blir opparbeida mellom barnet og sjukepleiaren.