Kva tiltak kan sjukepleiaren sette i verk for å førebygge trykksår hjå eldre heimebuande pasientar?
Abstract
Formålet med denne oppgåva er å finne ut korleis sjukepleiaren kan setje i verk tiltak for å førebyggje trykksår hjå eldre heimebuande pasientar, som og er tittelen på oppgåva mi. Bakgrunnen for val av dette temaet er interesse og engasjement, og at eg har sett forskjellige rutinar på dette med førebygging av trykksår i praksis og i jobbsamanheng elles. Trykksår er eit stort problem for mange eldre pasientar. Dei førebyggande tiltaka som er fokus på i denne oppgåva er ernæring/ vurdering av ernæringsstatusen for pasientar som er i risiko for å utvikle trykksår, pasientens mobilitetsnivå og trykkavlastning. Førebygging av trykksår er viktig for å bevare livskvaliteten til den eldre pasienten, og tiltaka eg har fokusert på i oppgåva er av stor betydning for det førebyggande arbeidet, noko som eg har fått svar på i denne oppgåva.
Virginia Hendersons blir brukt som sjukepleiarfagleg referanseramme. Hudas oppbygnad og funksjon og aldringsforandringar i huda blir omtalt, samt rammefaktorar i heimetenesta, trykksår, årsaker og risikoverktøy, og tilslutt viktige førebyggande tiltak.
Oppgåva er basert på eksisterande litteratur, og inneheld både pensumlitteratur, sjølvvalt litteratur og forsking.