Korleis bør helsesøster arbeide med overvekt og fedme i barneskulen?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150063Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Gjennom sjukepleiarutdanninga har eg både lært og sett i praksis kva konsekvensar fedme og overvekt kan føre til. Det blir stadig fleire og fleire barn og unge med overvekt og fedme i dagens samfunn. Helsedirektoratet har bestemt at veging og måling i helsestasjons- og skulehelsetenesta skal gjeninnførast. Dette var noko som eg umiddelbart fatta interesse for og ønskte difor å fordjupe meg i dette temaet. Denne oppgåva tek for seg:
Korleis bør helsesøster arbeide med overvekt og fedme i barneskulen?
Denne oppgåva er ein litteraturstudie der eg har gått kritisk gjennom den utvalde litteraturen, og samanfatta den i ei drøfting. I drøftinga har eg nytta eigne meiningar opp mot litteraturen. Som eit rammeverk for oppgåva har eg nytta helsedirektoratets retningslinjer som tar for seg mykje av utfordringane rundt problemstillinga mi.
Konklusjonen i oppgåva er at helsesøster har ei viktig rolle i kampen mot overvekt og fedme blant barn i barneskulen. Måten helsesøster gjennomfører veginga på, då med tanke på kommunikasjon og væremåte er avgjerande for korleis veginga oppfattast av barn og foreldre. Vidare er foreldra sentrale for å oppnå endringar i livsstil hjå barna, då med tanke på eit sunnare kosthald og meir fysisk aktivitet. For å oppnå endringar i livsstilen er det naudsynt med kunnskap om temaet og at tiltaka som blir satt i verk er overkommelege og motiverande, og her har helsesøster ei sentral rolle.
Beskrivelse
SK 152, våren 2010