Arbeidsmiljø : finst det skilnadar i arbeidsmiljøet i to like kjedebedrifter
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150009Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette er ei undersøking av arbeidslivet til to –-nille bedrifter, i Sogn og Fjordane. Den eine er lokalisert på Sandane i Nordfjord, medan den andre ynskjer å vere anonym. Dette er to bedrifter som ikkje har noko som helst form for samarbeid, men vi hadde høyrt at det kunne vere nokre skilnadar mellom desse to, både korleis arbeidstilhøva er, samt korleis dei daglege leiarane styrer bedrifta.
Problemstillinga vår er om det er skilnadar i arbeidsmiljøet til to like kjedebedrifter, vi har også sett på mindre spørsmål som kva som skal til for at dei tilsette skal trivast på jobb, kva faktorar som motiverar dei tilsette og kva som kan gjerast for å utvikle eit godt arbeidsmiljø. For å besvare desse problemstillingane har vi brukt kvantitativ undersøkingsmetode, med bruk av spørjeundersøking. Vi har også utført små uformelle kvalitative intervju med dei daglege leiarane. Vi har delt det teoretiske opp i tre delar, fysisk arbeidsmiljø, psykologisk arbeidsmiljø og organisatorisk arbeidsmiljø, der vi har lagt mest vekt på det fysiske og psykologiske arbeidsmiljøet, sidan vi såg på dette som mest relevant.
Totalt har 13 av 15 tilsette frå dei to bedriftene svart på vår undersøking. Det er 10 tilsette på –nille Sandane samt 5 på bedrift 2. Sidan den eine bedrifta ynskte å vere anonym, har vi teke omsyn til dette, og vi vil omtale denne bedrifta som bedrift 2. Vi har ført desse resultata opp i oversiktlege tabellar for å kunne analysere desse og drøfte desse på best mogleg måte. Konklusjonen vi har kome fram til er at det ein del skilnadar mellom to like kjedebedrifter. Vi trur dette kan kome av at bedrift 2 sitt lokale har ei dårleg plassering samt ein nytilsett dagleg leiar som enda ikkje er vand med kva som krevjast for ei slik stilling. Vi ser at desse konklusjonane kan sjåast igjen i mindre nøgde svar i til dømes luftkvalitet, klima, støy, kommunikasjon mellom tilsett og dagleg leiar samt informasjon om bedriftas målsetnad og framtidige planar. På -nille Sandane er det få klagar på dei fysiske tilhøva, og det verkar jamt over som det er et betre arbeidsmiljø der, sjølv om det er fleire tilsette i denne avdelinga. Det har også blitt avdekka dårleg arbeid med arbeidet med helse-, miljø- og sikkerheits arbeidet, og alvorleg avvik.
Vi ser at trivselen er god på begge arbeidsplassar, dei fleste følar seg inkludert og det er eit godt samarbeid på begge arbeidsplassar.
Beskrivelse
Økonomi og administrasjon
KA692
MAI, 2013