Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFluge, Daniel Gåsemyr
dc.contributor.authorValsvik, Marius
dc.contributor.authorRokne, Severin Slettebø
dc.date.accessioned2011-08-10T11:35:18Z
dc.date.available2011-08-10T11:35:18Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/149999
dc.descriptionØkonomi og administrasjon KA-692 Mai 2011en_US
dc.description.abstractButikkjedene i daglegvaremarknaden opplever ein sterk kamp om kundane. Det er viktig å ta vare på eksisterande kundar og det er viktig å prøve å kapre nye kundar. For at butikkjedene skal klare dette må dei vere attraktive for kunden. Dei forskjellige eigenskapane ved butikkane, som blir kalla butikkattributtar, kan vere med på å påverke kor kundane handlar. Me ser blant anna på om forskjellige kundegrupper vektlegg forskjellige eigenskapar og variablar ved daglegvarebutikkane. Undersøkinga er gjennomført i Sogndal for daglegvarebutikkane; Meny, Rema 1000, Coop Mega og Rimi. Me har henta inn informasjon gjennom ein spørjeundersøking som besto av 24 spørsmål. Desse spørsmåla kallar me for variablar, og dei gjev oss eit bilde på korleis kunden vektlegg dei forskjellige eigenskapane til butikkane. Spørjeskjemaet består av 4 eigenskapar som igjen består av fleire variablar. Eigenskapane er; pris, tilgjenge, varekvalitet / vareutval og service. Me har brukt bivariate tabellar, t-test og faktoranalyse til å tolke dataa våre, som me har fått ut ifrå spørjeskjemaet. Resultata frå undersøkinga vår viste at kundane i Sogndal vektlegg eigenskapane vareutval/varekvalitet og service som dei viktigaste eigenskapane når dei skal velje daglegvarebutikk. Eigenskapane pris og tilgjenge viste seg å ikkje vere så viktige eigenskapar når kunden skulle velje butikk. Vidare har me funne ut at kundane vektlegg eigenskapane ved daglegvarebutikkane forskjelleg, alt ettersom kva butikk dei handlar mest på. Blant anna er ein Rema 1000-kunde meir prisbevisst enn kundane til dei tre andre butikkane, og meir opptekne av gratis parkering enn kundane til Coop Mega og Meny. Meny kunden er meir oppteken av at butikken ligg i nærleik til bustadplassen eller arbeidsplassen, og at vareutvalet er bra i forhold til dei andre butikkane sine kundar. Me har også sett på forskjellar mellom forskjellege yrkesgrupper. Det viser seg at dei forskjellege yrkesgruppene vektlegg variablane ulikt. Me har spesielt sett på forskjellane mellom studentar og heiltidstilsette, sidan me har fått inn flest svar i frå desse yrkesgruppene. Men me har også sett på yrkesgruppene; deltidstilsette, skuleelevar og pensjonistar. Den yrkesgruppa som tykkjer butikkeigenskapar er viktigast er deltidstilsette, og den yrkesgruppa som tykkjer butikkeigenskapar er minst viktig er studentar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.titleButikkeigenskapar - og viktigheita av desse for val av daglegvarebutikk for kundane i Sogndalen_US
dc.title.alternativeGrocery qualities – and the importance of these for customers choice of grocery store in Sogndalen_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber77 s.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel