dc.description.abstract | Denne rapporten har til føremål å kunne beskriva og drøfta korleis ei etablering i utkanten
fungerer. Formålet med rapporten er å trekkja fram både likskapar og ulikskapar mellom teori
og praksis.
Rapporten er ei bacheloroppgåve som har tilknyting til faga føretaksstrategi, marknadsføring,
entreprenørskap og rekneskapsanalyse.
Ein vesentleg del av rapporten omhandlar temaet gründer og eg har i den samanheng nytta eit
intervju av ein bedriftsleiar.
Eg har gjennom analysar forsøkt få finne fram til suksessfaktorane for gründeren på det
individuelle nivå, organisatoriske nivå, samspelet med omgivnaden og dei ulike prosessane
ifrå forretningside til realisering av ei bedrift.
I analysen av gründeren kom det fram fleire punkt som samsvarar med teorien, og ein kan
nærast på dei fleste punkt seia at min gründer er sjølve prototypen.
I rekneskapsanalysen har eg teke utgangspunkt i Sognefjord Net, bedrifta i utkanten og
samanlikna den med ei konkurrerande bedrift og med nøkkeltal i frå bransjen for tre år, 2005,
2006 og 2007.
I rekneskapsanalysen har eg henta inn offentleg tilgjengelege rekneskapstal frå Ravninfo no.
Bedrifta Sognefjord Net scora ikkje spesielt høgt på dei utarbeidde forholdstala, men ligg
innanfor krava som er stilt. Bedrifta har i dei siste åra ekspandert i nye målmarknader og
opplevd ein omsetningsauke. | en |