Nokre teoretiske perspektiv på læring og leiing i helse- og sosialsektoren : undervegstekstar
Glosvik, Øyvind; Naustdal, Anne-Grethe; Follevåg, Brit-Marie; Horne, Rolf; Thue, Margun; Stavang, Evelyn; Kyrkjebø, Dagrun
Abstract
Rapporten er sett saman av 10 kapittel som på ulike måtar drøftar teoretiske resonnement som kan vere nyttige for å forstå og analysere lærings- og leiingsutfordringar i helse- og sosialsektoren. Tekstane er ikkje ferdige.Dei representerer steg på vegar mot djupare forståingar. Omgrep utvikla av Nonaka (1994), Nonaka og Takeuchi (1995) og Senge (1990) vert drøfta og kopla saman med meir generelle omgrep knytt til forståing av leiing og organisasjonar slik det er utvikla av Strand (2001/2007). PAIE vert såleis i avslutninga nytta for å presentere eit integrert perspektiv på leiing og læring i organisasjonar. Dei ulike kapitla handlar elles om sjukepleiekompetanse innanfor den nye sjukehusorganisasjonen; sjukehusavdelingar som opplæringsarenaer for sjukepleiarar og turnuslegar, samarbeid mellom helsefortak og kommunar på sjukepleienivå, systemiske perspektiv på kommunale omsorgsinstitusjonar og deltaking frå leiarar og tilsette si side i samband med innføring av tonivå-organisering av kommunal omsorg.
PRIS
Series
Rapport7/2008