Levande bygdeutvikling : ein studie av Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane og prosjektet Levande bygder
Abstract
Dette er ein studie av to tiltak som begge er retta inn mot
lokalsamfunnsutvikling og næringsutvikling i Sogn og Fjordane.
Erfaringane syner at Bygdeutviklingsprogrammet i stor grad er retta inn
mot nærmiljøtiltak og lokalsamfunnsutvikling i brei meining. BUprogrammet
er i sjeldan grad nedanfrå-opp-orientert utviklingsarbeid der
kvart prosjektstyre i bygdene står svært fritt til å nytte midlane til det
bygda sjølv definerer som utviklingstiltak. Dette verkar motiverande og
utløyser synergieffektar. Prosjektet Levande bygder skulle byggje på
erfaringane frå BU-programmet, men i sterkare grad vere retta inn mot
lokale sentrum-periferidimensjonar i tilhøvet mellom bygd og
kommunesenter. Med unntak av bygdene frå Eid kommune kan ein seie
prosjektet har blitt målforskyve i retning av det meir generelle BUprogrammet.
I rapporten vert det tilrådd at fylkesnivået i Sogn og
Fjordane byggjer vidare på erfaringane frå BU-programmet og
innarbeider den statlege småsamfunnssatsinga i ei vidareføring av det.
Series
HSF Rapport4/2002