Klientar si oppleving av kontakten med sosialarbeidarar på sosialkontor
Abstract
Rapporten er basert på omfattande intervju med 14 sosialklientar i
fem kommunar i Sogn og Fjordane. Klientane vart spurde om korleis
dei opplever møte med eller relasjonen til sosialarbeidaren og korleis
det var å møta sosialarbeidaren på fritida. Empirien syner at alle
klientane opplevde skam før møtet med sosialkontoret, ingen tenker
på seg sjølve som sosialklientar og dei opplever kontakten med
sosialkontoret som mellombels. I møte med sosialarbeidaren deler
klientane seg i to typologiar, konflikt – og konsensutypologi. Alle
klientane er opptekne av relasjonen til sosialarbeidaren og oppfattar
den som avgjerande for korleis samhandlinga skal utvikla seg og om
dei vil få hjelp. Menn og kvinner opplever møtet med
sosialarbeidaren på fritida ulikt. Til skilnad frå mennene var
kvinnene opptekne av kva sosialarbeidarane tenkte om dei, og dei
hadde ulike opplevingar knytt til dette. Dei kvinnelege klientane var
òg opptekne av om teieplikta vert halden.
Publisher
Høgskulen i Sogn og FjordaneSeries
HSF Rapport4/2005