Kva nå reiseliv? : situasjonsrapport og moment til prognose for internasjonal turisme i Norge etter finanskrisa i 2008-2009.
Abstract
Gransking av offisiell norsk overnattingsstatistikk syner at reiselivet i Norge hadde ein nedgang på omlag 600 000 overnattingar eller 2% av ein total på 28,6 mill frå 2008-2009. Det er knapt mogleg å sjå spor etter den globale finanskrisa i dei offisielle produksjonstala til overnattingsbedriftene. Alt er tilsynelatande vel i bransjen og ein kan føre etablert praksis og politikk vidare som om ingenting har hendt. Spørsmålet som blir reist her er om ei grundigare gransking vil gje same konklusjon.
I dette notatet presenterast resultata av ei alternativ og meir kritisk gransking av produksjonsdata for reiselivsnæringa i Norge. Det er tale om eit lengre perspektiv og meir segmenterte data enn det som vanlegvis blir lagt til grunn for vurderingane. Granskinga syner at situasjonen er langt svakare og utviklinga mykje dårlegare i mange viktige marknadssegment enn det som kjem fram i ordinær offentleg informasjon.