På overgriparjakt med tids-geografisk turistanalyse
Abstract
6. januar 2008 la ei av nettavisene fram ei skjematisk framstilling av 157 tilfelle der politiet meiner at ”lommemannen” har vore i aktivitet. Denne vart lagt til grunn for tids-geografiske analyser av åtferda til overgriparen eller evt overgriparane. Dette notatet klargjer korleis tids-geografisk teori og metodar kan kaste lys over viktige spørsmål som vart reiste i samband med ein omfattande og langvarig politiinnsats for å avsløre kven det var som reiste rundt og misbrukte smågutar år etter år. Notatet tek opp spørsmål som: Kva ”aktivitetsnivå” er det tale om? Korleis kan vi måle aktivitetsnivået til ein slik aktør? Korleis varierer aktivitetsnivået over tid? Kva slags turar eller utflukter - ”reiser” - er det tale om? Korleis fordeler aktiviteten seg på dei ulike utfluktstypane? Er det mogleg å seie at lommemannen opererer frå ein ”base”? Kvar ligg basen? Har han bytta base? Burde han ha bytta base?