Samhandlingsreforma i kommunane
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149294Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Rapporten gjer greie for eit forprosjekt som avdeling for helsefag ved HiSF har gjennomført saman med Vestlandsforsking. Intervju vart gjennomført med personar i 25 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane som hausten 2011 førebudde gjennomføringa av Samhandlingsreforma. Føremålet med forprosjektet var å kartlegge korleis kommunane førebudde nye oppgåver innan helse- og omsorgstenesta. Analysen av materialet syner utbreidd bruk av interkommunale samarbeid i fylket, og mange informantar ser på eigen kommune som for liten til å greie å løyse oppgåvene utan samarbeid med andre. Utfordringar kring akutthjelp tilbod, økonomi og samarbeid med fastlegar er tema informantane er opptekne av. Rapporten tilrår at hovudprosjektet skal omhandle spørsmål knytt til innføring av akutthjelp i kommunane frå 2016. Prosjektet bør sjå på innhaldet i akutthjelp tilbodet, kostnadar og organisering, tilgang til lege, samarbeid mellom legevaktlege og fastlege og kva type fagfolk og kompetanse kommunane treng for å etablere tilbodet.