Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSundsvoll, Synnøve Hemre
dc.date.accessioned2024-07-10T08:26:22Z
dc.date.available2024-07-10T08:26:22Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3139621
dc.descriptionMaster i sosialvitenskap. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractBakgrunn og formål: Formålet med masteroppgåva er å kasta ljos over eit avgrensa tal flyktningar si oppleving av relasjonell velvære og kva relasjonar som har vore viktig for dei, og i denne oppgåva fordjuping i familierelasjonar. Relasjonell velvære er eit ganske nytt omgrep, som handlar om kva som får menneskjer til å føla seg bra. Relasjonell velvære er komplekst og det er fleire ting som heng saman. Rammeverket for relasjonell velvære inkludera både det miljømessige, det samfunnsmessige og dei relasjonelle faktorane, som lappar over kvarandre. Problemstilling: Mi masteroppgåva har fylgjande problemstilling: Kva kjenneteiknar dei familie relasjonane dei unge utpeikar som særleg viktige i dag og korleis bidrar desse relasjonane til trivsel og livskvalitet? Metode: Denne oppgåva har data frå eit større forskingsprosjekt som er ein del av eit longitudinell studieforsking som har gått over 3 år, Kreativ Sammen. Deltakarane er tidlegare unge einslege flyktningar som kom til Noreg utan fylgje. Studien blei gjennomført i deira vaksne liv, fleire år etter dei kom til Noreg. I denne oppgåva er det blitt brukt eit kvalitativt forskingsdesign, der dei har brukt eit semistrukturert intervju. Vidare i masteroppgåva blir intervjuguiden, analysen, utval av informantar og fordelar og ulempa med kvalitativ forsking kasta ljos på. I denne studien har talet på deltakarar blitt avgrensa til fire informantar og fire verdipersonar, grunna oppgåva sin størrelse og omfang. Dei fire informantane og deira sin verdiperson er valt ut grunna dei har ein familie relasjon. På slutten av metodekapittelet vil reliabilitet og validitet, bli belyst. Avslutningsvis vil oppgåva ta for seg det forskingsetiske, refleksivitet, etiske omsyn og eventuelle svake trekk ved studien. Funn: Funna viser til at alle informantane i denne studien opplever at dei har nok, når ein ser det i forbindelse med relasjonell velvære. Ein kan også sjå at deltakarane har fått ein tilhøyrsle til Noreg, og fleire ser på Noreg som heimplassen sin. Det kjem fram at dei framleis har god og ofte kontakt med familien i heimlandet. Vidare kan ein sjå korleis relasjonen har vore i oppveksten, og korleis den har blitt etter flytting. Vidare fortel informantane om korleis kommunikasjonen mellom dei er, og alle deltakarane i denne studien har god kommunikasjon og kontakt, alt frå kvar dag til minst ein gang i veka. Eit av dei siste funna i denne studien er korleis fleire av deltakarane fortel at dei har opplevd det som vanskeleg å koma inn i det norske samfunnet, og få deltaking i samfunnet, som ved jobb. Dette er noko ein kan sjå, sjølv om det kjem fram tidlegare at fleire ser på Noreg som sin plass, heimlandet sitt. MASO590 Kandidatnummer: 124 07.06.2024 III Diskusjon: Den relasjonelle velværa skjer på ulike nivå, både i samfunnet, men også i relasjonane mellom dela Den kjem til uttrykk på ulike måtar. Den relasjonelle velværa skjer mellom den unge vaksne og verdipersonen, der ein kan sjå at det er samfunnet som legg til rette for moglegheita for den relasjonen. Det samfunnsmessige med at dei har tilgang på mobil, nettverk og slike ting bidrar til at dei kan halde kontakten med familien. For å ha ein relasjon, må dei klara å kommunisere. Samfunnet er ein viktig del for at dei unge vaksne og deltakarane opplev ein auke i trivsel og livskvalitet, grunna den relasjonelle velværa. Ein kan også sjå at samfunnet gir ulike utfordringar til deltakarane, ved koronaviruset. Samfunnet blei stengt ned, og deltakarane hadde ikkje moglegheit til å bevare den fysiske relasjonen. Den relasjonelle velværa til deltakarane heng saman med fleire ting, som det samfunnsmessige, men også det relasjonelle, og dette heng saman. Overordna mål: Eit overordna mål med denne masteroppgåva er å sjå kva som kjenneteiknar dei relasjonane som unge einslege utpeikar seg som viktige i familien, og få ny kunnskap på korleis dei relasjonane kan bidra til auka trivsel og livskvalitet..en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectsosialvitenskapen_US
dc.subjectbarnevernsarbeiden_US
dc.subjectflykningeren_US
dc.subjectkommunikasjonen_US
dc.subjectdeltakingen_US
dc.subjectrelasjoneren_US
dc.subjectfamilieen_US
dc.titleUtforska unge flyktningars relasjonelle velværa gjennom deira interaksjonar med viktige familie relasjonaren_US
dc.title.alternativeExploring the relational well-being of young refugees through their interactions with important family relationsen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASO590en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal