dc.contributor.author | Fridtun, Johanne Halland | |
dc.date.accessioned | 2023-08-11T08:31:29Z | |
dc.date.available | 2023-08-11T08:31:29Z | |
dc.date.issued | 2023 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3083504 | |
dc.description | Master i samfunnsarbeid, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen | en_US |
dc.description.abstract | Problemstilling og formål: «Er det plass til alle rundt leirbålet?» er ei masteroppgåve i samfunnsarbeid. I denne studien har eg undersøkt problemstillinga: «Kva tankar og erfaringar har speidarleiarar med å inkludere og legge til rette speidaraktivitetar for personar med nedsett funksjonsevne?». Føremålet med studien er å sjå på kva inkluderingspraksis speidarleiarane har eller har hatt, og å sjå på implikasjonar ved ulike tilnærmingar. I tillegg blir nokre barrierar for inkludering trekt fram, som kan gi innspel på kva speidaren kan gjere for at dei kan vere eit tilbod for fleire personar med ulike funksjonsnedsettingar. Metode: Studien har ei kvalitativ tilnærming, og har djupneintervju som design. Det empiriske materiale byggjer på semistrukturerte intervju av ni speidarleiarar frå to speidarforbund i Noreg. Intervjudata er transkribert manuelt og Malterud (2017) si systematiske tekstkondensering blei anvendt i analysen.
Resultat: Studien sine resultat delast i to. Først og fremst finn eg at informantane mine har erfaring med å inkludere personar med nedsett funksjonsevne i hovudsakleg to ulike tilnærmingar, samt ein tredje tilnærming som berre ein informant praktiserte; 1) det allereie eksisterande tilbodet (ordinært tilbod), 2) eit eige tilbod (særtilbod), 3) hybrid versjon av dei to tilnærmingane. Vidare kan hovudbarrierane for inkludering blant informantane i min studie summerast opp i to punkt; 1) manglande leiarkapasitet og 2) samarbeid med føresette. Den relasjonelle modellen, sosial kapital, stigmatisering og empowerment har utgjort studien si teoretiske ramme, og resultata blir diskutert i lys av desse. Konklusjon: Erfaringane til speidarleiarane i denne studien tyder på at dei tek inkludering av personar med nedsett funksjonsevne på alvor, og det er allereie mykje bra som blir gjort i speidaren. Likevel er det både mogleg og eit ynskje om å gjere speidaren tilgjengeleg for fleire. Dei ulike tilnærmingane har både fordeler og ulemper ved seg, og det er fleire omsyn å ta i val av tilnærming og korleis ein skal løyse ulike tilfelle. Dei beste løysingane kjem truleg fram i eit samspel mellom dei lokale speidargruppene og den det gjeld og/eller føresette | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | samfunnsarbeid | en_US |
dc.subject | inkludering | en_US |
dc.subject | speider | en_US |
dc.subject | fritidsaktivitet | en_US |
dc.subject | tilrettelegging | en_US |
dc.subject | deltakelse | en_US |
dc.subject | barn | en_US |
dc.title | Er det plass til alle rundt leirbålet? Ein kvalitativ studie om speidarleiarar sine erfaringar om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne i speidaren | en_US |
dc.title.alternative | Is there room for everyone around the campfire? A qualitative study on scout leaders' experiences of including people with reduced functional ability in scouting | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.description.localcode | MASA645 | en_US |