Pasientar og blodgivarar med hemokromatose:ei spørjeundersøking ved Helse Førde
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Bioingeniøren. 2021, 7 28-32.Abstract
Innleiing: Ei ordning der personar med hemokromatose kan bli blodgivarar om det ikkje ligg føre andre hindringar, vil vere bra både for dei personane det gjeld og for blodforsyninga. I Helse Førde har ei slik ordning vore i bruk sidan 1999. Hensikta med studien var å beskrive kor nøgde deltakarane var med denne modellen, anten dei vart godkjende som givarar eller om dei haldt fram som pasientar i poliklinikken. Material og metode: Dette er ein studie der spørjeskjema vart send ut til 31 pasientar og 47 blodgivarar med hemokromatose, som var tilknytta Helse Førde. Vi mottok svar frå 23 pasientar og 35 blodgivarar, som gjev responsrate på 74% i begge gruppene. Resultat: Spørjeundersøkinga viste at det var god tilfredsheit generelt, men pasientane på medisinsk poliklinikk skåra høgare enn blodgivarane. Særleg var pasientane meir nøgde med den medisinske oppfølginga. Diskusjon og konklusjon: Det er eit mål for mange personar med hemokromatose å verte blodgivar. Likevel er pasientane noko meir nøgde enn blodgivarane. Dette syner kor viktig det er med rett informasjon og tydeleg avklaring av forventningar, når ein person med hemokromatose skiftar status frå pasient ved poliklinikk til blodgivar. Nøkkelord: Hemokromatose, blodgivar, pasient, tilfredsheit