Show simple item record

dc.contributor.authorHauge, May Britt
dc.date.accessioned2022-02-14T12:44:22Z
dc.date.available2022-02-14T12:44:22Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2978797
dc.descriptionMaster i samhandling innan helse- og sosialtenester Avdeling for helsefag Innleveringsdato 8. november 2017en_US
dc.description.abstractNorsk psykomotorisk fysioterapi (NPMF) har ei relativ kort historie med hovudsakleg norske faglege bidrag. Grunnleggar Bülow-Hansen var kritisk til ei for sterk vektlegging av teori og hevda at praksis måtte komme først. Dette har resultert i at majoriteten av kunnskapsgrunnlaget er knytt til handverket og ferdigheit. Betydinga av den mellommenneskelege kontakten mellom terapeut og pasient har tradisjonelt vore taus kunnskap som har stått i skuggen av terapeutiske teknikkar. Som ein konsekvens av dette er forsking på relasjonen mellom pasient og terapeut i NPMF understudert. Dei få studia som er publisert peikar i retning av at relasjonen har stor betyding i NPMF fordi pasienten si oppleving av den relasjonelle samhandlinga påverkar behandlingsresultatet. Dette kan mellom anna forklarast med endringskrafta som ligg i ein god relasjon. Ein viktig del av terapeuten sin jobb er å tilpasse behandlinga til pasienten sine behov og eigenskapar, og for å oppnå dette er ein god relasjon i behandlingssituasjonen avgjerande. Vidare er det vist at den avgrensa litteraturen understrekar at det er naudsynt med betydeleg meir og betre forsking på dette fagområdet. Denne studien har difor til hensikt å undersøke korleis erfarne psykomotoriske fysioterapeutar erfarer og tek vare på den relasjonelle samhandlinga med sine pasientar. Problemstilling: Problemstillinga denne studien skal forsøke å svare på er; Korleis erfarer og tek erfarne psykomotoriske fysioterapeutar vare på den relasjonelle samhandlinga med sine pasientar? Metode: Denne studien nytta kvalitativ forskingsdesign. Ved hjelp av individuelle semistrukturerte intervju med fire erfarne psykomotoriske fysioterapeutar vart data henta inn. Intervjua blei gjennomført sommaren 2016. Analysen av intervjua var datastyrd med eit teoretisk psykomotorisk fysioterapiperspektiv som bakgrunn for analysen. Analysearbeidet av intervjua har blitt gjort på tvers av informantane ved hjelp av systematisk tekstkondensering. Resultat: Analysearbeidet av dei fire intervjua resulterte i fire sentrale tema; 1) Fag og relasjon hand i hand, 2) Å forholde seg til pasienten og seg sjølv, 3) Når behandlingsrelasjonen er vanskeleg og 4) Å bevisstgjere pasienten i høve å handtere eigne utfordringar. Resultata utgjer totalinntrykket frå 4 intervjua og representerer terapeutane samla som i framstillinga vert omtala med omgrepet «terapeuten» . Konklusjon: Fysioterapeuten tek ansvar for å skape god relasjonell samhandling blant anna ved å vise genuin interesse ovanfor pasienten. Det er viktig for terapeuten at pasienten opplever å ha påverknad i behandlingssituasjonen. Pasientar som berører terapeuten er dei han erfarer å hjelpe best. Innimellom føler terapeuten at den relasjonelle samhandlinga møter større utfordringar, og då er det vanskelegare for terapeuten å vere open, tydleg og direkte med pasienten. Terapeuten meiner det er hans ansvar å løyse utfordringar i behandlingssituasjonen. Oppstår brot i behandlingsforløpet kan det både vere uventa eller komme etter ein behandlingsperiode der den relasjonelle samhandlinga mellom terapeut og pasient har fungert dårleg. Denne studien har belyst korleis best ivareta den relasjonelle samhandlinga i behandlingssituasjonen mellom terapeuten og pasienten ut i frå terapeuten sitt perspektiv. Det er naturleg at same problemstilling også blir belyst frå pasienten sitt perspektiv. Nøkkelord: Norsk psykomotorisk fysioterapi, relasjonell samhandling, behandlingssituasjon, terapeutperspektiv, terapeut, pasient, terapeutisk relasjon.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectNorsk psykomotorisk fysioterapien_US
dc.subjectrelasjonell samhandlingen_US
dc.subjectbehandlingssituasjonen_US
dc.subjectterapeutperspektiven_US
dc.subjectterapeuten_US
dc.subjectpasienten_US
dc.subjectterapeutisk relasjonen_US
dc.titleSamhandling mellom terapeut og pasient i Norsk psykomotorisk fysioterapien_US
dc.title.alternativeRelational between the therapist and the patient in Norwegian psychomotor physiotherapyen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber93en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal