Frå prosjekt til varige ordningar: Organisatoriske 'grep' som kan bidra til å styrke kompetanse og samarbeid innan rehabilitering og førebyggande helsearbeid: Rapport frå Interkommunalt Samarbeidsprosjekt 2011-2013
Abstract
St.m 47 Samhandlingsreforma (2008-2009) var utgangspunktet for prosjektet Samarbeidsnettverk i arbeidet med å vurdere samarbeidsformer og samarbeidsfelt og eventuelle forankringar.
Metode: Eg deltok i prosjektet som observatør på møte med kommunane, møte i prosjektgruppa og interkommunale samlingar. Datamaterialet er samla sett frå eigne notat frå ulike møte, samt referat og kartlegging i kvar kommune.
Reslutat: I prosjektperioden vart det avdekka og diskutert mange utfordringar kommunane har. I hovudsak handla desse om strukturelle utfordringar for å forbetre kommunikasjonen som skulle betre koordinering i pasientforløp. I tillegg var kompetanse og ressursar sentrale tema. Kva for kompetanse trengst, korleis legge til rette for robuste fagmiljø, samarbeid om kva og samarbeid med kven var gjennomgåande tema. Prosessen i prosjektet synte at forståing si betyding var vesentleg for å få til samarbeid. Fagpersonar innan førebyggande helsearbeid og rehabilitering, politikarar, administratorar og brukarar representerte ulike kulturar og dermed ulike verdiar. Med fragmentert organisering av tenestene i kommunen og store kulturelle, demografiske og faglege skilnadar mellom kommunane, synte det seg at dialog og forståing er utfordrande.
Problemstilling: Kva for organisatorisk grep kan styrke kompetanse og samarbeid når det gjeld rehabilitering og førebyggande helsearbeid internt og på tvers av kommunar?
Teori: Eg valde å knyte nettverkstanken til utfordringar som handlar om kompetanse, ressursar, organiseringsformer og arbeidsformer. Samarbeid internt og samarbeid på tvers av kommunar har eg valt å diskutere med utgangspunkt i økologisk og nettverksteoretisk tilnærming.
Som teoretisk tilnærming til utfordringar knytt til framgmentert tenesteinndeling og felles forståing, har eg brukt diskursperspektiv.