Når kvardagen endrar seg: - Ei kvalitativ undersøking av Barnas Stasjon og deira møte med sårbare familiar under ein pandemi
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2767613Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette er ei masteroppgåve i samfunnsarbeid ved Høgskulen på Vestlandet. Oppgåva er eit resultat av ein kvalitativ studie basert på deltakande observasjon og semistrukturert intervju med dei tilsette ved Barnas Stasjon i ein kommune på Vestlandet. Barnas Stasjon er ein ideell organisasjon som arbeider med familiar med samansette utfordringar og behov. Ulike teoriar innan samfunnsarbeid dannar utgangspunktet for undersøkinga saman med problemstillinga; Korleis arbeider dei tilsette i organisasjonen Barnas Stasjon med sårbare familiar under ein pandemi? Kunnskap om governance og danning av nettverk, deltaking og sosial kapital har danna viktige grunnlag for analysen av datamaterialet. Studiens funn viser at Barnas Stasjon fungerer som noko meir enn ein stad der aktivitetar vert gjennomført. Det vart arbeida målretta, men varsamt, mot dei måla kvar familie har satt seg og under pandemiens påverknad måtte dei ta stilling til ulike utfordringar og gjere prioriteringar deretter. I tilboda deira og i samarbeidet med andre instansar ligg moglegheitene for endring.
Beskrivelse
Masteroppgave i samfunnsarbeid, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen