Rusproblem og endring i eit diskursperspektiv: ein analyse av praksisforteljingar
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2641166Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Import fra CRIStin [3579]
- Institutt for velferd og deltaking [1004]
Originalversjon
Selseng, L. B. & Ulvik, O. S. (2019). Rusproblem og endring i eit diskursperspektiv: Ein analyse av praksisforteljingar. Norsk sosiologisk tidsskrift, 3(6), 442-456. 10.18261/issn.2535-2512Sammendrag
Rusproblem er eit fleirtydig fenomen der ulike forståingar har dominert gjennom historia og mellom samfunn. Også i vår samtid blir samfunnets reaksjonar mot problematisk rusbruk utforma i skjeringspunkt mellom ulike ideologiar og forståingar. Kva faglege, ideologiske og moralske forståingar som rår, dannar vilkår for korleis hjelp til personar med rusproblem kan utformast. Éi forståing som i vår samtid har fått auka støtte i den internasjonale forskingslitteraturen, er at rusproblem er ei langvarig liding prega av ein syklisk endringsprosess. Trass i at denne forståinga av rusproblem er framtredande i forskingslitteraturen, er ho lite utforska, deriblant korleis forståinga er representert i profesjonell praksis. Praksisforteljingar er ei kjelde til innsikt i kva forståingar av rusproblem som er i bruk. Basert på forteljingsfokuserte intervju med 23 rådgjevarar ved tre ulike NAV-kontor som arbeider med brukarar dei meiner har rusproblem, reiser vi i artikkelen forskingsspørsmålet: Korleis vert endring forstått i rådgjevarane sine praksisforteljingar? Som analysereiskap nyttar vi det diskursteoretiske omgrepet tolkingsrepertoar. Vi presenterer tre typar tolkingsrepertoar som vi har valt å kalle eit profesjonelt avmaktrepertoar, eit vendepunktrepertoar og eit verdsetjingsrepertoar. Vi diskuterer kva diskursive ressursar som er i bruk i desse forteljingane, og vi diskuterer forteljingane i lys av den framveksande forståinga av rusproblem som ei langvarig liding. Vidare diskuterer vi kva profesjonelt handlingsrom dei ulike repertoara skaper.