Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJanciute, Ugne
dc.date.accessioned2019-10-22T08:36:40Z
dc.date.available2019-10-22T08:36:40Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2623641
dc.descriptionMasteroppgave i samfunnsarbeid, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergennb_NO
dc.description.abstractFormål: Sosiale media er i dag veldig utbreidd og tar ein stor del av kvardagen vår. Sosiale media byr på mange moglegheiter, men har også etablert eksisterande kulturar og trendar som for mange kan legga press på forventningar om korleis ein burde sjå ut eller leve. Dette studiet er knytta til sosiale media, og set fokus på korleis brukarar av sosiale media prøver å endre eksisterande normar og dominerande kulturar på sosiale media med tilsynelatande perfekte bilete. Der liva deira vert vist fram berre frå den "fine sida". Studiet søker å få kunnskap og breiare forståing om fenomenet Uperfektepiker, eit prosjekt som er starta av sosiale media brukarar som har som mål å visa, både eigne og andre sine sanne ansikt i sosiale media. Eit anna mål er å auka kunnskap rundt viktige tema i samfunnet knytt til psykisk helse, kropp og sinn. Problemstilling: Kan me forstå ”Uperfektepiker” som samfunnsarbeid? Og i så fall, på kva for ulike måtar driver Uperfektepiker samfunnsarbeid? Val av metode: I dette forskingsprosjektet har eg brukt ein kvalitativ metode der eg intervjua personar som deltek i Uperfektepiker. Det vert nytta semistrukturerte intervju ved innhenting av data på ni personar som har ei rolle som enten fylgjar, gjestesnappar eller snappar for Uperfektepiker sin sosiale media konto. Resultat: Studiet viser at deltaking, fellesskap og endring er hovudelementa i det Uperfektepiker består av. Desse tre hovudelementa er også kjerna i samfunnsarbeid. Studiet viser at Uperfektepiker nyttar eigne ressursar og er starta av menneske som sjølv bruker sosiale media som ikkje er nøgde med korleis sosiale media verkar. Sosiale media kan blant anna opplevast undertrykkande, skapa falske bilete av røyndommen og leggja press på korleis ein skal sjå ut eller leve. Uperfektepiker ynskjer å gjere ein skilnad og bidra til endring i samfunnet. Studiet viser korleis prosjektet utvikla seg til å verta meir forankra i Uperfektepikers deltakarar, og korleis Uperfektepiker er ein arena som anerkjenner ulikskap, og fremjar mangfald. Grada av deltaking på sosiale media varierte blant informantane, men dei fleste opplevde Uperfektepiker med høg medverknad, og som ein plattform der dei føler tilhøyrsle. Informantane opplevde også Uperfektepiker som eit eige lite samfunn der deltakarane kan hjelpe kvarandre og slik danne eit fellesskap der dei er ein del av noko større og kollektivt. Dette fellesskapet gjer at deltakarane kjenner at dei står sterkare i endringsprosessen. Sjølvekskludering og ekskludering har også kome fram. I oppgåva peiker eg på enkeltes tankar rundt kvifor nokon kan velje aktiv sjølvekskludering fordi psykisk helse har så stort fokus i dagens samfunn, og nokre vil aktivt velja å unngå sosiale media kontoar som har storfokus på tematikken. Samstundes kan namnet "Uperfektepiker" på ein sosiale media konto skapa interesse blant kvinner då dei også tek opp ein del kvinneproblem knytta til helse. Inkludering i Uperfektepiker har også ei sentral rolle. Dette handlar om å ta opp ulike tema for at dei fleste skal kunne kjenne seg igjen, identifisere seg med, samt oppleve å bli tatt på alvor og å bli respektert. Uperfektepiker prøver også å inkludere ulike grupper i samfunnet ved å legge til rette for likeverdig deltaking, som til dømes teksting på videoar med lyd slik at døve også har moglegheit til å få med seg innhaldet. Uperfektepiker har vist å gjera ein forskjell og bidreg til ein positiv endring hos mine informantar uansett om deira rolle var fylgjar, snappar eller gjestesnappar. Uperfektepiker kan bidra til blant anna ein medvitgjeringsprosess rundt sosiale media, og slik betra individuell og kollektiv Empowerment. Samstundes bidreg dei til å auka sosial kapital, samfunnsengasjement, og minske fordommar ved å normalisera ulike tabubelagde tema i samfunnet og spreie kunnskap.
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectsamfunnsarbeidnb_NO
dc.subjectuperfektepikernb_NO
dc.subjectsosiale medianb_NO
dc.title"Uperfektepiker": Samfunnsarbeid gjennom sosiale media,nb_NO
dc.title.alternative"Imperfectgirls": Community work through social medianb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMASA645nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal