Rusavhengigheit og psykisk helse
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2503695Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Utifrå både utdanningsstudie og praksis har rus og psykisk helse våre eit sentralt emne, og noko som i dag er eit veldig omdiskutert tema i samfunnet. Eg syns det er temaer som er interessante og viktige at blir lagt fokus på, og har derfor har valt å fordjupe meg i dette gjennom denne bacheloroppgåva.
Problemstilling: Kva konsekvensar kan rusavhengigheit ha for menneske si psykiske helse?
Hensikt: Hensikta med oppgåva er å belyse kva konsekvensar rusavhengigheit kan ha for den psykiske helsa til menneske. Eg tenkjer at det er viktig at ein som sosialarbeidar har kunnskapar om dette, for på best mogleg måte kunne hjelpe brukaren ut av ein utfordrande livssituasjon.
Metode: I denne oppgåva har eg valt å bruke litteraturstudie som metode. Dette er ein metode der eg nyttar meg av teori og forsking som allereie finst på fagfeltet, for på best mogleg måte skal kunne svare på den problemstillinga eg har valt.
Funn: Det kjem fram av forskinga at store delar av pasientar som er til behandling i russektoren også har minst ein psykisk liding. Lidingar som angst, depresjon og PTSD er dei psykiske lidingane som er fokusert på i forskinga eg har funne fram til, men det er også andre psykiske lidingar som kan bli utvikla ved bruk av rusmiddel. Vidare blir det rapportert om at store delar av informantane har behov for eit tenestetilbod der både rusmisbruket og den psykiske lidingar blir behandla samtidig.
Oppsummering: Mange mennesker har i dag ein ROP-liding, der både ruslidingar og psykiske lidingar er utvikla hos vedkommande. Det er godt dokumentert i både teori og forsking at psykiske lidingar kan oppstå som ein konsekvens av rusavhengigheit. Det vil som sosialarbeidar difor vil det vere viktig å ha kunnskapar om ulike rusmiddel og kva konsekvensar dei kan føre med seg hos eit menneske.
Beskrivelse
Bachelor i sosialt arbeid BSV5-300 Fakultet for helse- og sosialvitskap Institutt for velferd og deltaking