Prosessen med å komme i arbeid etter langtidssjukefråvær blant personar med ”ubestemte” helseplager
Abstract
Bakgrunn: ”Ubestemte” helseplager utgjer ein stor del av det totale sjukefråværet. Sjukefråvær er ei
stor belastning både for den enkelte og for samfunnet. For mange er det helsefremjande å vere i
arbeid på tross av helseplager. Formål: Formålet med denne studien var å utforske
førstepersonserfaringar blant personar med ”ubestemte” helseplager, knytt til erfaringar med å
komme i arbeid etter langtidssjukefråvær. Auka innsikt i slike erfaringar kan bidra til utvida kunnskap
om tilrettelegging for auka arbeidsdeltaking blant personar med ”ubestemte” helseplager etter
langtidssjukefråvær. Problemstilling: Korleis erfarer personar med ”ubestemte” helseplager
prosessen med å komme i arbeid etter langtidssjukefråvær? Metode: Studien har eit kvalitativt
design, inspirert av fenomenologi. Det er gjennomført seks individuelle livsverdenintervju.
Systematisk tekstkondensering blei nytta som analysemetode. Resultat: Eit overordna tema blei
utvikla: Samspelet mellom anerkjenning, aksept og samhandling. Vidare blei seks tema identifisert: Å
komme tilbake i same eller anna arbeid, Kontrasten mellom å oppleve støtte og mistillit frå leiar og
kollegaer, Forventningar og reaksjonar i møte med hjelpeapparatet, Å lytte til kroppen er ein prosess
over tid, Sosiale og praktiske utfordringar i tilværet som sjukmeldt, og Å handtere bekymringar og få
avkopling. Konklusjon: Anerkjennande samhandling mellom den sjukmeldte, arbeidsgjevar, NAV og
helsetenesta er avgjerande i prosessen med å komme tilbake i arbeid etter langtidssjukefråvær blant
personar med ”ubestemte” helseplager.
Nøkkelord: ”Ubestemte” helseplager, tilbake i arbeid, langtidssjukefråvær, anerkjenning,
kroppsfenomenologi
Description
Master i samhandling innan helse- og sosialtenester Avdeling for helsefag 16.06.2017