Korleis kan ein som vernepleiar vera med å leggja til rette for kvardagsrehabilitering hjå heimebuande eldre?
Abstract
Bakgrunn: Gjennom utdanninga har eg hatt praksis i den kommunale heimetenesta, som introduserte meg for kvardagsrehabilitering som arbeidsmetode. Temaet for oppgåva blir difor kvardagsrehabilitering.
Problemstilling:”Korleis kan ein som vernepleiar vera med å leggja til rette for kvardagsrehabilitering hjå heimebuande eldre?”.
Hensikt: Å auka kunnskapen om kvardagsrehabilitering som arbeidsmetode, og korleis me som vernepleiarar kan leggja best mogleg til rette for god kvardagsrehabilitering.
Metode: Oppgåva er eit litteraturstudium. Data er samla inn gjennom litteratur frå pensum, sjølvvalt litteratur, fagartiklar og forskingsartiklar. Forskingsartiklane som er brukte er henta frå databasane Oria,Idunn, Biblioteket.dk, Google Scholar og Helsebiblioteket.
Resultat:Eg har funne fram til tre forskingsartiklar og ei masteroppgåve som skal hjelpa meg med å svara på problemstillinga.Gjennom drøftingsdelen har eg kome fram til tre punkt som kan hjelpa oss som vernepleiarar med å leggja til rette for kvardagsrehabilitering for heimebuande eldre. Det fyste handlar om å skapa ein god relasjon til brukaren. Det andre handlar om å setja brukaren og brukaren sine mål først. Det tredje handlar om at me som helsepersonell kjem til brukarane til avtalte tider.
Description
Bachelor i vernepleie BSV5-300 Avdeling for samfunnsfag Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie 26 mai 2017