Relasjonens betyding i arbeid med tenestemottakarar med sosial angst Korleis kan ein vernepleiar, gjennom ein kognitiv miljøterapeutisk tilnærming, skape ein relasjon med ein tenestemottakar med sosial angst?
Abstract
Problemstilling: Korleis kan ein vernepleiar gjennom ein kognitiv miljøterapeutisk tilnærming, skape ein relasjon med ein tenestemottakar med sosial angst?
Formål: Formålet med denne oppgåva er å undersøkje korleis man kan skape ein relasjon, og korleis man kan hjelpe personar med sosial angst gjennom ein kognitiv miljøterapeutisk tilnærming.
Metode: Denne oppgåva er ein litteraturstudie. Faglitteratur av forfattarar som Berge og Repål, og Borge og Hoffart blir brukt til å bygge opp denne studien. Faglitteratur av forfattarar som Eige og Eide og Røkenes og Hanssen blir brukt som grunnlag for kommunikasjon og relasjonsbygging. I tillegg blir fire kvalitative forskingsartiklar og ein litteraturstudie brukt for å finne svar på oppgåvas problemstilling.
Resultat og konklusjon: Relasjonsbygging i arbeid med tenestemottakarar med sosial angst er krevjande. Vernepleiaren må vere merksam på eigen veremåte og nærme seg tenestemottakaren gradvis. Kognitiv miljøterapi som forståingsmodell kan bidra til auka tryggleik og kompetanse for fagpersonar, meir handlingskompetanse i krevjande situasjonar, eit auka fokus på meistringsstrategiar og betre forståing av tenestemottakarens problem. Bruken av kognitive teknikkar i kvardagslege situasjonar kan bidra til at fagpersonen kan gripe fatt i her-og-no augeblikk og rettleie og støtte tenestemottakaren til å endre uhensiktsmessige tanke-og reaksjonsmønster.
Description
Bachelor i vernepleie BSV5-300 Avdeling for samfunnsfag/ Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie