Korleis er det sosiale nettverket til psykisk utviklingshemma etter ansvarsreforma?
Abstract
I denne oppgåva vil eg studere korleis ansvarsreforma har påverka det sosiale nettverket til psykisk utviklingshemma. Ein av dei store debattane etter reforma handla om sosiale nettverk. Mange meinte nedlegging av institusjonane ville føre til auka einsemd. (Ellingsen, 2014). Det er utifrå dette at vidare drøfting i bacheloroppgåva vil ta utgangspunkt i følgjande problemstilling: Korleis er det sosiale nettverket til psykisk utviklingshemma etter ansvarsreforma? Eg vil nytte omgrepa normalisering og integrering for å tilnærme meg svar på problemstillinga, då eg finne desse omgrepa relevant i høve til korleis tilgang utviklingshemma har til å delta i sosiale fellesskap.
Description
Vernepleierstudiet
BSV5-300
21. Mai 2014-05-21