Korleis kan ulike organisatoriske faktorar hemme og fremje det miljøterapeutiske arbeidet på ein statlig ungdomsinstitusjon?
Abstract
Barne og ungdomsinstitusjonane samt ungdommar som har vore plasserte i institusjonar, har tidligare fått lite interesse av forskarar. Samstundes som feltet har vorte kritisert fordi den forsking som har vore gjort, har vist at det generelt ikkje går bra med dei ungdommane som har budd på institusjon. Ein har difor meint at institusjonar ikkje fungerar optimalt og det er ein av grunnane til at ein i dei seinare år har prioritert å plassere barn og ungdom i fosterheim, framfor i institusjonar.
Eg har hatt praksis på og jobba ved ein statleg barnevernsinstitusjon, og mitt inntrykk er at institusjonar har sine positive sider og kan fungere godt, spesielt i plasseringar med særs krevjande ungdom, som kunne vorte ei stor påkjenning for ein fosterheim. Men eg oppdaga raskt at det å utøve godt miljøterapeutisk arbeid var krevjande og at det var ulike faktorar som påverka min moglegheit til å utøve det miljøterapeutiske arbeidet, eg undra meg for eksempel over varigheit av opphaldet til ungdommane. Ein gong jobba eg med ein ungdom i ni månader før ho klarte å sitte attmed meg i sofaen å sjå tv, dette var ein siger i vår relasjonsbygging. Dette var ein månad før denne jenta skulle flytte ut og klare seg sjølv. Difor vert problemstillinga mi: Korleis kan ulike organisatoriske faktorar hemme og fremje det miljøterapeutiske arbeidet på ein statlig ungdomsinstitusjon?
Description
Sosialt arbeid, bachelorstudium
BSV5-300
Mai 2014