Sosialt arbeid i palliativ omsorg i hospice : ta hand om den «totale» smerta
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/196876Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Det er fleire grunnar til at eg ynskjer å skriva om omsorg for døyande i sosialt arbeid. Emnet interesserar meg og engasjerer meg. Å skrive om dette vil bidra til å auke min eigen kunnskap på området. Ein annan grunn er at eg tykkjer at omsorg for døyande er underkommunisert i sosialt arbeid og burde vera eit større fokus på. Oppgåva vil bera preg av hospicefilosofien og kva den står for og korleis den har lagt grunnlaget for palliativt arbeid i dag. Etter å ha leita etter relevant litteratur for mi oppgåve har eg funne mykje forsking både i inn- og utland på palliativ omsorg. Eg ser utifrå politiske retningsliner at det palliative feltet har vorte eit satsingsområde i helsepolitikken i Noreg i seinare år, det same ser eg i mange andre land. Eg har avgrensa mi oppgåve til å gjelde dei døyande som har vald å vera si siste tid i hospice. Mitt hovudfokus vert å finna ut korleis sosionomen arbeidar med den døyande og pårørande i hospice.
Mi problemstilling vert difor: Korleis arbeider sosialarbeidar i hospice for å ivareta behova til den døyande og dei pårørande?
Beskrivelse
Bachelor i sosialt arbeid
BSV5- 300
Mai 2014
Antal ord: 8262