Show simple item record

dc.contributor.authorNjøs, Berit Marie
dc.date.accessioned2013-11-11T07:20:47Z
dc.date.available2013-11-11T07:20:47Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150672
dc.descriptionMaster i helse- og sosialfaglig arbeid med barn og unge Avdeling for helse- og sosialfag Høgskolen i Lillehammer, høsten 2012no_NO
dc.description.abstractMålet med denne oppgåva er å få fram kunnskap om dei biologiske barna til fosterforeldre. Studien er meint som eit bidrag i diskusjonen om kan som kan vere tenleg oppfølging, og ivaretaking av dei biologiske barna i fosterheimen frå offentlege myndigheiter med ansvar for fosterheimsarbeid. Eg tek utgangspunkt i kvalitativt intervju med åtte unge menneske i alderen 11 år til 30 år. Dei har alle det til felles at dei i periodar av livet sitt har delt oppveksten sin med fosterbarn. Av dei åtte eg har møtt er det fire barn i alderen 11år til 14 år. Dei deler oppveksten sin med fosterbarn i dag. Så har eg har møtt fire vaksne barn i alderen 20 år til 30 år. Desse har erfaringar med å ha vakse opp med fosterbarn i familien. Problemstillinga eg har søkt å finne svar på er: korleis dei biologiske barna til fosterforeldre opplever kvardagslivet med fostersøsken? Det er tre spørsmål som eg har søkt i finne svar på i møtet med dei biologiske barna i fosterheimen. Eg har prøvd å finne svar på korleis dei biologiske barna fortel om si eiga deltaking i verksemda fosterheim. Korleis vert relasjonsforhandlingar utforma mellom familiemedlemane og fosterbarnet og kva lærdom kan oppveksten med fosterbarn gjeve biologiske barn til fosterforeldre. Eg har hatt eit sosialkonstruktivistiske og hermeneutisk vitskapssyn i studien min. I tillegg har eg hatt nytte av element frå kulturpsykologien. I analysen har eg nytta meg av omgrepa: barn som aktørar, omsorgsarrangement og omsorgspraksis, forhandling, omsorg og læring. Når dei fortel om korleis dei opplever deltakinga si i verksemda fosterheim, presenterer dei biologiske barna seg som deltakarar i omsorgsarrangementet fosterheim. Det synest som om dei er aktive aktørar i avgjerdsprosessen og vidare i førebuingsfasen. Når det oppstår vanskar undervegs kring fosterheimsoppdraget og i tilfelle der fosterheimsoppdraget vert avslutta viser forteljingane at biologiske barna har eit avgrensa handlingsrom. Dei viser seg ikkje lenger som aktive aktørar, men er frå sidelinja vitne til det som skjer. Dei biologiske barna viser i ulike samanhenger i forteljingane sine til at omsorg for andre er sentralt i fosterheimsverksemda, anten det gjeld omsorg for fosterbarnet, søsken eller foreldre. Det vert fortalt at det er foreldrene som guida dei i å forstå fosterbarnet sine behov og korleis familien skal utøve fosterheimsoppdraget. Informantane fortel at dei er omsorgsaktørar ved å vise omsorg for alle familiemedlemane, men i varierande grad. Dei fortel om ulike måtar dei tek ansvar for fostersøsken og avlastar foreldre når dei ser dei er slitne. 4 Det analysen viser, kan tyde på at relasjonsforhandlingar er ein del av oppdraget. Korleis det vert forhandla om relasjonsutforming i fosterfamilien viser at biologisk barna er sensitive overfor fostersøsken sine ønske og behov for kva dei vil benevne familiemedlemane for. Dei overlet til fostersøsken å bestemme tempo i forhandlingane. I forteljingane vert det vist til at dei biologiske banda kan vere viktige i relasjonsutforminga, men det ser ikkje ut til å vere avgjerande. Faktorar som nær kontakt og kjenslemessige band til kvarandre ser ut til å påverke relasjonsforhandlingane. I tillegg ser det ut til at alderen på fosterbarnet ved innflytting og varigheit på plasseringa har betyding for relasjonsutforminga. Dei biologiske barna opplever seg ikkje sett av det offentlege som deltakarar i fosterheimen. Dei bidreg i det daglege arbeidet kring fosterheimsoppdraget, men vert ikkje frå det offentlege honorert for det. Det kan sjå ut slik eg tolkar forteljingane til dei vaksne barna, at dette er noko dei har sakna og som kunne gjort barndomen dei delte med fosterbarn annleis og lettare. I oppgåva ser eg også på fosterheimen som ei læringsarena. Kva kan dei biologiske barna ha lært ved å dele kvardagslivet med fostersøsken og korleis har dei lært det. Analysen tyder på at dei i eit praksisfellesskap med foreldrene sine kan ha lært å bli kompetente omsorgspersonarno_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectfosterfamileno_NO
dc.subjectbarnevernno_NO
dc.subjectfostersøskenno_NO
dc.titleFosterfamiliar er ikkje som andre familiar : ein studie om korleis dei biologiske barna til fosterforeldre opplever kvardagslivet med fostersøskenno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.source.pagenumber108no_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record